hyllestad.info logo.png

Hovud-Hjarte-Hender-Helse

Lauvsprett 4H vart starta av Oddvar Nordstrand i 1967, og tidvis har det vore stor aktivitet og mange medlemmer i klubben. Medlemmene er i alderen 9-19 år. Kvart år vel kvart medlem eit prosjekt dei vil arbeide med gjennom året. Tidlegare var det stort sett berre prosjekt om dyr, handarbeid og ulike matlagingsprosjekt. I dag står ein mykje friare, då ein kan lage sine eigne prosjekt og få det omlag som ein sjølv ynskjer det. Det kan vere alt frå matlaging, «mekking» av bil eller moped, jakt og fiske, fotografering eller eit favorittfotballag. Desse prosjekta arbeider ein stort sett med heime, og ender opp i ei fellesutstilling på den årlege haustfesten i oktober. 

Forutan desse prosjekta, er det møter for medlemmane om lag ein gong i månaden, utanom sommarmånadene. Her snakkar dei om ting medlemmane vil ta opp. Dei har quiz og gjerne noko godt å ete. Dei har påskerebus, fjell- eller skogstur 1. mai, ofte i samarbeid med Barnas turlag.

Kvar sommar har dei leir. Nokre gonger er det styret og klubbrådgjevarane som arrangerer denne, men ofte er det medlemmer som har «å lage leir» som prosjekt. Dei siste åra har klubben også reist på tur med medlemmane, mellom anna til RUSH trampolinepark i Bergen og på Gokart i Kråkenesmarka med pizza på Dolly Dimples i Førde etterpå. Dette har vore veldig populært. 

Når medlemmane har fullført 4H-programmet, mottek dei eit vitnemål frå 4H Norge, der det står kva prosjekt dei har gjennomført og kva styreverv dei har hatt. Dei får og tildelt ein bronseplakett med namn. 

4H klubbar vert i hovudsak styrt av medlemmane sjølv, der medlemmane vel eit styre som har med seg ein eller to vaksne rådgjevarar. Styret i 2020 består av ei blanding av dei eldste og nokre yngre medlemmar. Det som er fint med 4H, er at store og små er samla og finn på ting saman. Grunna Covid-19 har dette 4H-året vore roleg, men dei satsar å ta det att neste år. 

For tida har ikkje Lauvsprett 4H så mange medlemmer, men det håpar dei vil snu. Lauvsprett 4H har base på Åfjorddalen, men det er ope for alle som vil vere med.  

Kontakt:

Klubbrådgjevar Monica Ekreskar

eller Henriette Støyva.

  • Facebook

Hyllestad.info er utvikla av Hyllestad kommune | Send epost  | Ring 57 78 95 00

  • Facebook - Hvit Circle
  • Instagram - Hvit Circle

Følg, lik og del!  #hyllestadinfo