Kvinnelige bedriftseiere

Jobb saman med oss!

- i eit innovativt næringsmiljø

Nærkontoret Åfjorddalen

Bestill kontor

Om oss

I bygget er det to møterom og ei felles kantine. To tredjedelar av bygget er utleigd til næringsverksemd der mellom anna HAFS Elektro og Rør og eMal har kontor. For tida er også Hyllestad kommune sin teneste for nærings- etablering og utvikling lokalisert i bygget. 

 

Dei har fem kontor som og er godkjend som hyblar, og i dag blir dei leigd ut til arbeidarar på Havyard. Men primært vil dei at romma blir leigd ut som næringslokale. For tida er det seks kontor på ca. 10 kvm som er ledige i bygget. I tillegg har dei eit stort uteområdet som kan utviklast til noko om den rette ideen dukkar opp. 

 

Det er eit godt arbeidsmiljø blant dei som allereie jobbar i lokala. Kvar fredag er det vinlotteri og innimellom lagar dei vaflar i lunsjen. Det står eit epletre igjen frå då det var barnehage, og kvar haust lagar dei eplekake saman. Det er ein sosial og hyggeleg stemning i kantina under lunsjen. Innimellom får dei besøk frå næringsdrivande som har med seg matpakken for å kunne ete lunsj ute i fellesskap med andre og slå av ein prat. Det tykkjer dei alle er kjekt!

No håpar dei berre at dei kan bli eit enda større miljø slik at dei får fylt opp dei ledige kontora. Elles syt eigarane for at bygget får jamleg vedlikehald og oppgradering. No er tida snart inne for å skifte glas og kledning. Styreleiar, Eilev Strandos, seier at bygget skal vere i god stand heile tida.