
I 1985 starta Magny Tonning og Annlaug Sognnes opp bedrifta Ytre Sogn kontor- og rekneskapsteneste AS i Hyllestad. Herdis Rysjedal overtok som dagleg leiar i 2007, og frå 2008 var ho einaste tilsette.
Ho innsåg etterkvart at det blei vanskeleg å sitte heilt åleine i ein slik jobb. For skulle ho bli sjuk så var det ingen som kunne vikariere for ho. I 2014 solgte ho difor bedrifta til Accountor HAFS Hope Rekneskapkontor AS med avtale om at ho skulle vere med på lasset og at ho fekk behalde kontoret sitt i Leirvik.
Accountor er Nord-Europas største selskap innan rekneskap- og rådgjevingstenester. Avdelinga i Dale og Hyllestad har 13 tilsette og kan tilby alt innan rekneskap og rådgjeving, slik som til dømes bokføring, fakturering, rapportering, lønn, sjukepengehandtering, reiserekningar, årsoppgjer og skattemelding.
«Hyllestadingen» Marie Berge Sjølingstad vart tilsett i Accountor HAFS i 2016. Ho jobbar 50/50 på avdelinga i Hyllestad og Dale. Både Herdis og Marie har autorisasjon som rekneskapsførar frå Finanstilsynet. For å oppnå autorisasjon i dag, treng ein bachelorgrad i økonomi og administrasjon, og eventuelt ekstra studiepoeng innan profileringsfag for rekneskap. Finanstilsynet har også krav om praksis, vandel og økonomisk vederheftighet for tildeling av autorisasjon. For oppretthalding av autorisasjonen treng ein i tillegg 77 timar etterutdanning oppfylt innan dei siste 3 åra.
Herdis og Marie trivst godt i Accountor. Dei ser heilt klart fordelen med å ha avdelinga i Leirvik i kombinasjon med Dale. Dei er ein kjekk gjeng som jobbar saman og kvar tysdag har dei møte på Teams. I tillegg har dei sosiale treff og kurs slik at dei får samlast. Til saman har dei ein veldig brei kompetanse innan økonomi og administrasjon, dei har også lokal ekspertise, noko dei ser på som ein stor fordel for kundane sine. For mange av kundane er det avgjerande at dei har god kjennskap til HAFS-regionen og at dei er lett tilgjengelig, ikkje berre over telefon.
Mesteparten av kundane i Hyllestad har Herdis og Marie ansvar for, nettopp fordi dei har lokala sine i Leirvik som gjer at kundane kjapt kan stikke innom om dei lurer på noko. Men det er ikkje slik at dei kun har kundar frå Dale og Hyllestad. Alt kan gjerast elektronisk og dei har dermed kundar frå heile landet. På avdelinga i Dale og Hyllestad ser dei ein jevn vekst i kundemasse, noko dei set stor pris på.
Dei ser ingen grunn til at avdelinga i Hyllestad forsvinn og både Herdis og Marie kjem til å fortsette i bedrifta. Men for at fleire i Hyllestad skal vite at dei finnast skal dei no få opp logo og litt meir profilering rundt kontoret på Leirvik Senter. Du finn dei mellom Reiduns Blomster og Gåver og Erna’s Frisørstove. Dei tykkjer det er kjekt med all aktiviteten som no skjer på senteret og før korona hadde dei ofte lunsj saman med gjengen i andre etasje. Det kjem dei nok til å fortsette med når ting er tilbake igjen til normalen.
Kontakt:
Kontorleiar/Autorisert rekneskapsførar:
Herdis Rysjedal
E-post: herdis.rysjedal@accountor.no
Autorisert rekneskapsførar:
Marie B. Sjølingstad
E-post: marie.sjolingstad@accountor.no
Tlf: 57 78 83 00
