top of page
hyllestad.info logo.png
Åfjorddalen Ungdomslag

Åfjorddalen Ungdomslag vart skipa i 1927 og lagsavisa fekk namnet «Vårvon». Åfjorddalen Ungdomslag fekk sitt første langshus i 1948  ved å kjøpe ei tyskarbrakke som vart flytta frå tyskarleiren i Ålia til Lia på Eide. Før den tid hadde laget aktivitetane sine i Åfjorddalen skule. I 1970 fekk laget nytt og meir moderne lagshus som fekk namnet  Åfjorddalen Bygdehus.

 

Åfjorddalen Ungdomslag  har som hovudmål å skape liv og røre i bygda ved mellom anna å arrangere aktivitetar der folk møtast.

Aktivitetar dei arrangerar er mellom anna skodespel, bingo og julegrantenning. Dei vil og prøve å dra i gang att ting som jonsokfeiring, juletrefest og basar. Bingoen er særs populær med deltakarar frå heile kommunen. I tillegg kjem det folk frå Høyanger og Bygstad for å vere med, nokre har til og med fast bord i bingosalen. Dei har eigne preferanser på korleis bordet skal vere, og ingen andre vågar å setje seg der - då vert det misnøye blant Høyangerdamene!

Inntekter frå desse arrangementa og kontingent for medlemskap i Ungdomslaget går til drift og vedlikehald av bygdehuset. Det vert og lagt ned mange dugnadstimar for å halde huset i god stand. Det er styret i ungdomslaget som har ansvar for utleige og vedlikehald av huset.

Om du vil verte medlem eller komme i kontakt med Åfjorddalen Ungdomslag finn du dei på facebook eller du kan kontakte leiar Agnete Solheim direkte.

31959952_829857793864704_527861630545113
Agnete_edited.jpg

Rolf Inge Akse som Jonas i

«Dei Siste Maksveringar».

«Ikkje akkurat blåbærsaft, rimelegvis»

  • Facebook
image-2.png

Leiar: Agnete Solheim

E-post: agnete.solheim@hotmail.com

bottom of page