hyllestad.info logo.png

Åfjorden Eigedom vart etablert då svograne Svein Tore og Ole Helge fekk ein konkret førespurnad og etterlysning etter alternative bustader for eldre. Det viser seg å vere mange eldre som ynskjer å få seg ein bustad som er meir vedlikeholdsvennleg og lettstelt. Ole Helge har over 30 års arbeidserfaring som tømrar og i samarbeid med Vårdal Arkitekter og Flexibo vart det utforma bustadar tilpassa behova. Bustaden skulle ikkje berre passe den eldre generasjonen, men også unge nyetablerarar. Dette resulterte i bustadmodellen «Lier». I dag er utvalget av bustadar til Åfjorden Eigedom utvida og dei kan no tilby alle typar hus og hytter gjennom Flexibo. 

Åfjorden Eigedom har i dag to bustadprosjekt på Sørbøvåg;

1. Åfjorden Panorama som er tomannsbustader med modellen «Lier». Tomta er på Salbu med ein fantastisk utsikt, ut Åfjorden.

2. Åfjorden Salbuøyra er eit bustadprosjekt med frittståande bustadar, nærmare sentrum på Sørbøvåg. Her kan kunden sjølv få bestemme bustadtype.

Begge prosjekta er sjølveigarbustader som kan leverast med carport om ynskjeleg. Åfjorden Eigedom tilbyr i utgangspunktet nøkkelferdige hus, men kan også levere halvfabrikat dersom kunden ynskjer dette.

 

I tillegg til dei to bustadprosjekta på Sørbøvåg tilbyr Åfjorden Eigedom konseptet sitt til offentlege bustadbyggjarar.  

Åfjorden Eigedom har trua på at det vil bli ein vekst i etterspurnaden etter miljøvennlege, moderne og lettstelte nøkkelferdige hus. Dei ynskjer å skape etablering og aktivitet først og fremst i Hyllestad kommune. Dette fordrar at dei kan tilby dei flottaste tomtane, dei beste bustadløysningane og ikkje minst til den beste prisen! 

  • Facebook

Telefon: 959 67 774 / 952 00 793

Epost: afjordeneigedom@gmail.com

afjorden.no