hyllestad.info logo.png

Interessa for stein byrja på 70-talet då Torbjørn blei introdusert for sin svigerfar, Petter Dyrkorn, på Fjørtofta. Her blei han møtt med ein enorm kunnskap innan arkeologi og geologi. Torbjørn blei so fascinert av alt svigerfaren kunne fortelje og vise på den vesle øya. Alt han tok i og alt han såg, hadde ei fantastisk historie. Torbjørn hadde aldri tenkt over at også dei små tinga og detaljene i naturen har ei forteling. Dette fekk han til å tenke på kvifor ein ikkje gjorde det same i Hyllestad og områda rundt. Hyllestad og HAFS-regionen som har so mykje spennande geologi med kvernsteinshistoria som sjølve juvelen. 

 

Tanken om formidling og historia til det nære tok Torbjørn med seg vidare i si utdanning som lærar og i ettertid jobben som lærar. Petter var eit stort forbilde og Torbjørn henta inspirasjon av hans måte å formidle kunnskapen på. 

 

Men det var først på starten av 90-talet at han byrja å eksperimentere med å lage ting ut av stein. Torbjørn ville lage ting av lokal stein som hadde ei forteling. I byrjinga laga han små gjenstandar som var kvernsteinsforma. Folk ville kjøpe desse og behovet for meir utstyr blei etterkvart større. På slutten av 90-talet bygde han ein eigen verkstad og investerte i meir utstyr. Slik blei også Åfjordstein etablert. Kvernsteinen som kom frå Hyllestad blei på den tid kalla for Åfjordstein av historikarane. Difor blei namnevalet heilt naturleg for Torbjørn. 

 

Stein fascinerer Torbjørn. Å få lage ting av stein gir han glede, når han i tillegg får formidle historia som ligg i steinen er ting heilt optimalt. Produkta Torbjørn lager er eit nærbilde av ei stor heilheit. Forteljinga bak gjenstanden er, for han, like viktig som sjølve produktet. 

 

Produkta til Åfjordstein er eit medium som fortel lokalhistoria i Hyllestad og omegn. Sjølv om forteljinga som ligg bak er viktig for Torbjørn, så håpar han jo også at folk likar produkta han lager. I butikken finn du pyntegjenstandar, klokker, smykker og bruksting, slik som til dømes ostehøvel. Torbjørn lagar også funksjonelle handkverner som blir levert til museum, formidlingsplassar og til private.

Etterkvart har han også begynt å lage gravminne av lokal stein. Ofte er det ein stein som dei pårørande eller avdøde har hatt eit forhold til. Når Torbjørn lagar gravminne er det viktig at pårørande får ta del i i prosessen frå start til slutt, slik at resultatet blir slik dei ønskte. Torbjørn kan også pusse opp gamle gravminne, eller andre gjenstandar laga av stein. 

Det er kjekt når folk kjem med ein stein dei sjølv har eit forhold til, og spør om han kan lage noke fint ut av det. Så om du har ein ide eller eit ønske må du berre ta kontakt med Åfjordstein og så finn Torbjørn fort ut om det lar seg gjere. Bortsett frå verktøysrammene ein har på maskinene, er det berre fantasien som kan sette ein stopper for kva som kan lagast.

Åfjordstein har også fått vere med på mange spennande prosjekt og samarbeid. Torbjørn har mellom anna fått ta del i monumentet på havørnulykka, han har samarbeida med Oddvar Torsheim på kunstverket «FSF - for alltid» og han har fått lage gudmorgåve for Havyard. Dette var gåver bedrifta overrekte gudmora etter at ho hadde døypt båten. Det var eit utruleg spennande prosjekt der han saman med bedrifta Bergart i Norfjordeid laga smykkesett i gull og stein. Her blei kvernsteinshistoria smelta inn i notida i Hyllestad si aller viktigaste bedrift. Det var eit prosjekt Torbjørn likte særs godt.

 

Åfjordstein har alltid vore ei biinntekt og hovudsakleg ein hobby og interesse for Torbjørn. Etter at han blei pensjonist har sjølvsagt kapasiteten auka. Men han har ikkje ambisjonar om å vekse eller utvide bedrifta. Han ønskjer å fortsette som før og vil halde på så lenge han kan. Om nokon andre har lyst til å starte ei liknande bedrift bistår han meir enn gjerne med sin kunnskap. 

Åfjordstein sel mykje av ostehøvlar, kakespadar og smykker. Dei aller fleste tinga han sel er til folk som vil gi det vekk som gåve. No har han også fått gåvekort for dei som heller ønskjer å gje det. Torbjørn har sørga for at han har nok produkt i butikken no når det nærmar seg jul og set pris på alle som tek turen innom, sjølv om det berre er for ein prat og ein kopp kaffi. 

åfjordstein-logo.png

Tlf: 952 77 156

E-post: ​torbjorn@aafjordstein.no

 

aafjordstein.no

  • Facebook

Hyllestad.info er utvikla av Hyllestad kommune | Send epost  | Ring 57 78 95 00

  • Facebook - Hvit Circle
  • Instagram - Hvit Circle

Følg, lik og del!  #hyllestadinfo