hyllestad.info logo.png

Agnete

​Agnete Solheim (f. 1997) bur på Åfjorddalen saman med mann, son og hund. Agnete er fødd og oppvaksen i Hyllestad og etter grunnskulen vart det vidaregåande skule i Dale før ho utdanna seg til barnehagelærar i Sogndal.

Som mange andre som studerar i Sogndal, ynskte Agnete å bli verande der etter endt utdanning. Men sambuaren som budde i Hyllestad ynskte ikkje å flytte, og stor søkarmengd på aktuelle ledige jobbar gjorde sitt til at ho starta jobbsøking i Hyllestad. Det gav særs godt resultat og ho fekk seg jobb i Hyllestad Barnehage.

Agnete har sterk tilknyting til heimkommunen, så når ho fekk seg jobb her var ikkje valet om å flytte heim vanskeleg. 

​"Ein har naturen rett utanfor døra. For meg som har hund gjev dette meg mange turmogelegheiter"

 

Elles har vi det vi treng her, både tenester og varer. Med kort veg og dagleg båt- og bussforbindelse til Bergen og Førde kjem ein seg enkelt og raskt av garde om ein vil på tur.

 

Det er òg fint at «alle kjenner alle», til dømes det å slå av ein prat med kassadama/mannen på nærbutikken når ein handlar er fint og noko som ikkje fell naturleg på større plassar. Hyllestad opplevast som eit ope samfunn.

I tillegg til turar i skog og mark med hunden driv Agnete med stell av hest. Ho er også leiar i Åfjorddalen ungdomslag, medlem i Hyllestad Røde Kors og sit i kommunestyret. 

Skodespel står strekt i Ungdomslaget og der er ho med som skodespelar - og har ho tid til overs så strikkar ho!