
Akse Gard
Andreas Akse
Aksane 92, gnr 68/1
6953 Leirvik i Sogn
Elise Hovlandsdal kjøpte garden i 1907 og tok etternamnet Akse etter det. Oldebarnet, Andreas Akse, er fjerde generasjon som har overtatt garden. Han overtok i 2019, og var sjølv berre 19 år. Same alder som det faren var då han overtok garden i sin tid.
Andreas har alltid visst at han ville drive garden. Frå han var sju år hjalp han til med å måke i fjøsen før han gjekk på skulen. Og då han var 12 år begynte han å mjølke kyr.
Då Andreas skulle byrje på vidaregåande var valet enkelt, han skulle gå natur- og landbruk for å bli Agronom. Etter avslutta utdanning tok han over garden. Men i tillegg til å jobbe med den 100 prosent, jobba han også for Hyllestad Pukk i 100 prosent stilling.
Andreas ønskjer å følgje med på utviklinga i landbruk og investere i nødvendig utstyr. For å få til dette er han nøydd til å ha jobb utanom.
På Akse gard driv ein tradisjonell mjølk- og kjøtproduksjon. Dei har ein kvote på 190 tonn, noko som betyr at dei er eit mellomstort bruk. I tillegg til å ha mjølkekyr, fôrar dei opp okse til slakt og har oppdrett av kviger til eige bruk. Andreas har ansvar for tre fjøs. På familiegarden på Akse har dei mjølkekyr. Dei leiger fjøsen til Solfrid og Knut Henrik Birkeland, der dei har kvigeoppdrett. Og i tillegg leiger dei fjøsen til Bjørn Gunnar Hansen for å få plass til oksane og småkalvane sine.
Arbeidet på garden varierer etter sesong og vær. Men kvar sommar må Andreas slå og hauste inn gras. Dei har grovforet sitt på heile Aksedalen og delar i Handdalen. Dei tek hand om graset og gjødslar. Men det er heilt umogleg å få til alt på eigehand og dei må difor ha hjelp av naboar.
Andreas seier at naboane er veldig flinke til å stille opp, og han hadde ikkje klart å drive garden utan all hjelpa han får frå far og bror sin.
Nytt av året er at dei også pressar rundballar. Dette gjer dei for å kunne ta hand om meir av grovfôret sitt sjølv.
Til saman har Andreas grovfor frå 600 dekar. Det gir ein del ringverknadar for området. Ein tenkjer gjerne ikkje over det, men hadde det ikkje vert for bøndene så hadde det vert heilt gjengrodd overalt.
Andreas seier at om ein vil at folk skal flytte hit, eller at turistar skal tykkje det er fint å feriere her, så må landskapa vere ope og velstelt.
Det er ikkje lett å vere bonde i dag. Samfunnet og tidene forandrar seg, men inntekta til bøndene stagnerer. Då far til Andreas overtok garden i 1980, kunne han leve grett på berre 10 kyr. Det hadde vore heilt umogleg i dag.
Alt Andreas tener går til investering. I år har han kjøpt ny traktor og rundballutstyr. Han prøver så godt han kan å følgje med i utviklinga, og håpar at det vil bli lettare med tida.
Sjølv om det er mykje hardt arbeid, så er det bonde Andreas ønskjer å vere. Det har vore hans kall i livet. Det siste halvåret har han sett ein optimisme i landbruket. På grunn av korona har folk fått opp auga for kortreist mat, og nordmenn er blitt meir bevisste på å handle lokalt. Det håpar Andreas at vi held fram med - også etter pandemien.