hyllestad.info logo.png
AkvaVet Gulen

AkvaVet Gulen AS blei stifta i 2003 av veterinær Aud-Anny Asheim i Gulen kommune. I 2012 blei fiskehelsebiolog Sindre Strandos tilsett. Han slutta i jobben i Bergen og flytta heim til Lavikdalen. Der hadde han heimekontor og «pendla» til dei ulike oppdrettsanlegga.

 

Akvavet tilbyr fiskehelsetenester til havbruksnæringa i området frå Sotra til Nordfjord og frå dei ytre øyane ved Sognefjorden til Sogndal og Vik i Indre Sogn. I dag er dei sju tilsette, der to er veterinær og fem er fiskehelsebiologar. Dei har ein variert praksis med laks, regnbogeørret, kveite, torsk, berggylte og rognkjeks. Hovedkontoret er på Asheim i Gulen, men dei tilsette har kontor i Leirvik, Eivindvik, Førde og Hyen.

 

Med fleire tilsette har Sindre redusert køyrelengda si i jobben mykje. Han har no ansvar for sitt lokalområde som er Hyllestad, Værlandet, Dalsfjorden, Førdefjorden og Bjordal, samt eit par anlegg inne i Arnafjord og Hermansverk. Men det var ikkje berre auka kundemasse som førte til at dei måtte tilsette fleire folk. Endring av lovverk og krav frå Mattilsynet har ført til at det krevjast mykje meir av dokumentasjon rundt avlusing og sjukdomsoppfølging. Det medfører meir tid på kontoret og meir tid til kvar enkelt kunde. 

 

Fiskeoppdrettarar er lovpålagt å utføre risikobasert helsekontroll for å forebygge og behandle sjukdom i oppdrettsanlegg. Helsekontrollane må rutinemessig utførast av ein fiskehelsebiolog eller veterinær i henhald til forskrifta, som er 6-12 gangar i året. I tillegg, skal ekstra helsekontroll utførast ved forhøga dødlegheit eller ved mistanke om smittsam eller ikkje-smittsam sjukdom. 

 

Etter at Akvahub etablerte seg i Leirvik såg Sindre nytten av å jobbe saman i eit større miljø, og i januar 2020 fekk han seg kontorplass saman med Akvahub og Bulandet Miljøfisk. 

 

Sindre brukar mykje av tida ute hos fiskeoppdrettarane, og på mange måtar er dei hans næraste kollegar. Mange av dei har også blitt hans vener opp igjennom åra. Sindre sin hovudoppgåve er å vere dyrlege for fisk der han utfører rutinekontrollar og sjekkar at fisken har det bra. Han har også hygiene- og vaskekontroll på brønn- og servicebåtar. På anlegga går han gjennom status, observerer fisken, obduserer dødfisk, tar ut prøver for diagnose, rådgjev, skriv resept (vaksine, bedøving og avlusingsmiddel), og planlegg vidare behandlingsforløp. I tillegg blir det litt jobbing med lupe og mikroskop, men alle prøver blir sendt til eksterne laboratorium i Ålesund, Bergen og Oslo. No kjem det også ein lab på Leirvik Senter som Sindre vil få stor nytte av.  

Sindre elskar jobben sin og kjem til å jobbe innan fiskehelse så lenge han kan. Og så lenge det er fisk vil det vere behov for fiskehelsepersonell. I tillegg seier Sindre at det er viktig med god dialog og kjennskap til dei ulike fiskeoppdrettarane. Det er personane bak tittelen «fiskehelsebiolog/veterinær», og at ein kjenner til historikken på anlegga som er viktig for oppdrettarane. 

 

AkvaVet har verken heimeside eller side på sosiale medier. Det er godt arbeid, dyktige tilsette, stabilitet og jungeltelegrafen som har fått dei dit dei er i dag. Men Sindre ser heilt klart nytten av å ha ei heimeside som fortel litt om kva dei kan tilby og kvar dei enkelte held til. Ei heimeside til bedrifta er under planlegging, i mellomtida fortsett dei å gjere den jobben dei skal; sørge for at fisken har det bra. 

AkvaVet Gulen.jpg

Kontakt:

Fiskehelsebiolog Sindre Strandos

Tlf: 992 24 813

E-post: sindre@akvavet.no