hyllestad.info logo.png

Då nedskaleringa på Havyard var eit faktum, var det fleire av dei tilsette som kjende på at det vart feil at all opparbeidd kompetanse skulle forsvinne. Arlen Solheim, Rita Ørnehaug og Erlend Hatleberg var av dei som hadde eit behov for å gjere det motsatte; bygge opp istadenfor å rive ned.

 

På Havyard var det utruleg mange kjekke folk og eit bra arbeidsmiljø. Dei kjende på at det var forferdeleg trist at ein så stor og viktig arbeidsplass skulle nedbemanne og at opparbeid kompetanse ikkje skulle komme til nytte. Arlen spurde difor Rita, eigentleg berre på moro, om dei ikkje berre skulle hoppe i det og starte noko sjølv. Ho blei nesten litt overraska over kor fort Rita responderte med «Ja, det gjer vi!». Like etter fekk Erlend same spørsmål, og han svarte like fort og positivt som Rita. Etter det byrja ballen å rulle!

 

Første møte med næringskoordinator i Hyllestad var i februar 2021. Her fekk dei med seg mange gode tips på vegen, mellom anna å melde seg på eit etablerarkurs i april. Men grûnderane bak Arez likar å vere proaktiv, så innan kurset byrja var dei allereie godt i gang med marknadsundersøking og informasjon til allereie eksisterande kontaktnett for å informere om etablering av Arez. 

 

Namnet Arez står for Arlen, Rita og Erlend. I tillegg har dei ein fjerde person som er eigar og styremedlem; Karl Eirik Frøysa Hansen. Han er det ein kallar «sleeping partner», og då passa Z-en godt inn som symbol på han. I dag er dei veldig godt fornøgde med namnevalet, og det følast heilt rett for dei. 

 

Bedrifta vart registrert som aksjeselskap i april 2021. No er logo og nettside på plass, og dei er godt i gang med marknadsføring og promotering av selskapet. Dei har mellom anna sendt ut, og ringt, til alle kontaktane i nettverket sitt. Dei har vore på salsmøter, meldt seg på messer og skal presentere seg sjølv i ulike næringsklynger. Nyleg fekk dei seg sitt første engasjement, noko som er utruleg kjekt og som syner at promoteringa dei gjer fungerer.

 

Arez tilbyr erfaringa si frå skipsbransjen, som hovudsakleg er prosjektleiing og økonomisk oppfølging av prosjekt og bedrift. Dei kan bla. lage rapporter og rutinar for unge bedrifter som treng hjelp til å bygge opp organisasjonen sin, eller hjelpe etablerte bedrifter til betre struktur og oppfølging. 

Til saman har dei 63 år med arbeidserfaring frå Havyard, som no er tilgjengeleg for andre. For Arez blir det først og fremst dei maritime næringane knytt til verft og havbruk som er nærliggande å fokusere på. Men dei er ikkje framand for å ta på seg arbeidsoppgåver frå andre bransjar, så lenge dei har kompetansen som trengst. Dei vel å følge straumen og byggjer opp bedrifta si stegvis. Dei tek eitt skritt av gangen, og no i første omgang er det synlegheit og marknadsføring som gjeld. 

 

Arez er registrert i Hyllestad, og dei har kontorplass i Leirvik senter. Dei tykkjer det er greitt å vere i eit ungt og kjekt miljø der alle meir eller mindre jobbar innanfor same fagfelt; havbruk. Det er mykje positivt som skjer innan dette feltet, og Arez er glad for å vere ein del av det. 

 

Framtida ser lovande ut for Arez. Draumen på sikt er å tilby og skape enda fleire arbeidsplassar. Dei veit at dette ikkje vil bli ein dans på rosar og er klar over at det må jobbast mykje for å få det til. Den aller største og viktigaste jobben dei har no er å gjere kjend at Arez finnast og kva dei kan tilby.

Kontaktinformasjon:

Tlf: 948 19 275

E-post: arlen@arez.no

arez.no

  • Facebook
Arez logo.png