hyllestad.info logo.png

Asbjørg & Håkon

Asbjørg (fødd 1944) er frå Sykkylven, og Håkon (fødd 1943) er frå Hyllestad. Dei trefte kvarandre i 1961 då dei begge gjekk på Eids toårige gymnas. Etter gymnaset og avtent verneplikt  flytta Håkon til Bergen for å studere, medan Asbjørg fekk seg lærarpost, og deretter gjekk ho på lærarhøgskulen i Volda. Etter fullført  lærarutdanning og to års lærarpraksis på Radøy,  flytta ho i 1968 til Bergen for å ta vidare utdanning. Der møttest dei att. I 1969 gifta dei seg, og året etter fekk dei  Åslaug.  I 1971 fekk Håkon seg jobb som lektor ved Førde gymnas. Same hausten kom tvillingane, Sigvar og Oddvin, til verda,  og dermed hadde dei tre bleiebarn å ta seg av. Dei bygde seg etter kvart hus i Naustdal og treivst godt der.

 

Håkon har ein funksjonshemma bror, og han visste at Marvin for alltid ville vere avhengig av hjelp og støtte. Foreldra til Håkon hadde og eit stort ynske om at han skulle ta  over garden. Dette var to viktige omsyn for Håkon og Asbjørg då dei i 1977 fekk skøyte på garden og etter eit par år flytta heim..  Då hadde dei fått  Synneva, og  var no ein familie på seks. Håkon arbeidde på ungdomsskulen i Hyllestad, og etter ei tid begynte Asbjørg som lærar ved Øn skule.  Vilkåra for  gardsdrifta  vart dårlegare og dyrehaldet vart avslutta, men bruket vert framleis halde i hevd.

 

Tida i Førde og Naustdal hadde vore god, men då dei flytta til Hyllestad, fann dei fort ut at det var eit  godt liv der og. Hyllestad kommune hadde gode tilbod både til unge og eldre. Alle ungane var med i Havørn 4H, som den gongen  var ein stor og aktiv klubb. Tre av borna var og aktive i skulemusikken.

 

Dei tykkjer at naturen i Hyllestad er heilt spesiell,  med fjordane,  fjella og fiskevatna. Då tvillingane vaks opp, var dei gjerne ute på tur,  slo opp telt eller laga seg gapahuk. Det var trygt og godt å vekse opp her. Dei tykkjer og at det var fint at borna fekk eit så nært forhold til besteforeldra, som budde i kårhuset på garden. Håkon seier at i Hyllestad har ein det meste, men at folk gjerne ikkje er klare over kor mange gode tilbod som er her, både når det gjeld arbeid og fritidsaktivitetar. Han nøler ikkje med å fortelje folk om at her kan ein ha eit godt liv.

 

Også utanom yrkeslivet har Håkon og Asbjørg vore aktive opp gjennom åra. I byrjinga gjekk mykje tid med til hogging av tømmer og  bygging av hus. Etter at bustadhuset var kome opp og dei hadde flytta inn,  var det tid for utbetring av heimebøen. Dei måtte kunne drive garden mest mogleg effektivt med tanke på innhaustinga av fôr. Etter kvart som borna vaks til, hjelpte dei til.  Dei  hadde kvar si bok der dei førte inn timane dei jobba og fekk utbetalt løn etter  gjeldande tariff.  Borna lærte mykje av dette, både med organisering av arbeidet  og korleis ein måtte gjere ein innsats for å  tene pengar. Elles gjekk det og ein del tid med å køyre dei til og frå dei forskjellige fritidsaktivitetane, men syklane var og i bruk.  I 4H fekk borna mange oppgåver, og då trong dei gjerne støtte heimanfrå for å komme i hamn. 

 

Håkon har vore samfunnsengasjert og interessert i politikk heile livet. Han vaks opp med ein far som var politisk aktiv. Han høyrde på  mange politiske samtalar og diskusjonar i heimen. I 1981 vart han leiar for Hyllestad Sp, og i 1983 vart han vald inn i kommunestyret og formannskapet.

Han var ordførar i to  periodar; 1987-1991 og 1991-1993. Den fyrste perioden jobba han 50% som lærar samstundes som han var ordførar. Det var ekstremt hektisk og vanskeleg å kombinere. Han vil difor nytte høvet til å be dei som var elevane hans i den tida om orsaking. Dei og måtte nok betale ein pris for å ha ein ordførar som lærar. 

 

Sidan 1986 hadde Håkon vore med i  styret for Sogn og Fjordane Sp, og i 1990 vart han leiar. I 1993 kom han inn på Stortinget og fekk si fremste oppgåve som medlem av energi- og miljøkomiteen, der han var oljepolitisk talsmann for Senterpartiet. I  tida 97-99 var han statssekretær i olje- og energidepartementet. Det var ei interessant og spennande tid, men også den mest arbeidskrevjande han har hatt.  Han er glad for at han valde å reise heim til familien stort sett kvar helg dei seks åra han arbeidde i Oslo

 

I 1998 gjesta Mikhail Gorbatsjov og kona, Raisa, Harstad. Der  møtte Håkon dei som representant for olje- og energidepartementet. Det var stort. Dei hadde stått i den politiske striden, hatt sine sigrar og nederlag. Samtalane med dei kjem han aldri til å gløyme. Asbjørg og Håkon har gjesta Raisa si grav. 

 

Den tyngste tida i politikken var under skulestriden i Hyllestad, då ein gjekk frå fem små skular til tre. Det var tvingande økonomiske grunnar for det. Han er framleis imponert over kommunestyret som såg at  kulturskulen var eit framtidsretta tiltak som  måtte sparast, noko han trur både born og foreldre veit å verdsetje i dag. 

 

Håkon vil nemne reisinga av Hyllestadhallen som noko av det mest positive han har fått vere med på  i si tid i kommunestyret i Hyllestad. Politisk var det stor strid om kvar han skulle byggjast og korleis. Resultatet vart, etter hans syn, så godt  at det var vel verdt den politiske kampen. Hallen var verkeleg eit lyft for kommunen, og det vart utført  eit imponerande administrativt arbeid for å gje han den forma han fekk.  Hallen er eit godt eksempel på kor avhengig kommunen er av dei personlege ressursane vi har her. 

 

Etter at Håkon og Asbjørg pensjonerte seg har fritida faktisk blitt til fritid. Men  Håkon vart dregen inn i politikken igjen. Det som kosta mest, med tanke på tid og arbeid, var vervet som leiar for Sogn og Fjordane Nei til EU.  Etter ni år med mykje reising både i fylket og til Oslo, var han ferdig også der. Så vil han likevel ikkje underslå at tida som soknerådsleiar, medlem av prostistyret og ofte  møtande vararepresentant i Bjørgvin bispedømeråd har gjeve han utfordringar – og gleder.  

 

No brukar dei tida si saman med å halde huset og  bruket ved like. Det er stadig noko som må gjerast. Dei har sju barneborn og tykkjer det er utruleg kjekt når dei kjem på besøk.  Men – som leiar i Hyllestad kontrollutval må han framleis ha eit vake auge på det som skjer i kommunen, både i politikken og administrasjonen – og seie frå dersom det trengst. 

"Naturen i Hyllestad er heilt spesiell, med fjordane, fjella og fiskevatna"