hyllestad.info logo.png

I mai 2005 kom Veidekke Industri på bana og kjøpte alle aksjane til Hyllestad Pukk AS.  I 2009 var vegen til pukkverket, frå Sognnes, klar for opning og i 2010 vart det etablert asfaltfabrikk i tillegg til pukkproduksjonen i Listraumen. Veidekke er landets største produsent og utleggjar av asfalt, og leverar asfalt til privatpersonar, entreprenørar, stat og kommune, stort sett i heile Norge.

 

Hjå Hyllestad Asfaltfabrikk er det i dag seks tilsette, der fire av dei er produksjonsmedarbeidarar. Karsten Hatlem Rønneseth er produksjonsleiar og Per Inge Oppedal er dagleg leiar. I tillegg er det mange andre aktørar innom på ulike oppdrag. Råheim Transport er ein av desse. Transportøren kjem med bitumen, som er eit bindemiddel i asfalt, og som gjer at asfalten vert svart. Når dei produserar asfalt dagleg, kjem transportøren frå Førde opptil tre gangar i døgnet. 

 

Produksjon av asfalt føregår som oftast frå april og fram til jul. Utanom sesong jobbar dei tilsette med vedlikehald av fabrikken. Grunna hard stein vert det stor slitasje på fabrikken. 

 

Hyllestad Asfaltfabrikk produserar omlag 20 ulike asfalttypar. Frå standard asfalt til miljøasfalt, lavtemperatur asfalt og farga asfalt. Dei må levere etter krav og kvalitet, og har difor eit eige laboratorium for testing av mellom anna kvalitet. I labben er det Preben Akse som jobbar, han tek prøvar og utfører kontrollar for å sjekke at alt dei leverar er av beste kvalitet. 

 

Lokaliteten er ideell for produksjon og levering av asfalt i båt. Her kan store båtar komme inn å ta med seg asfalt. Ute på vegen, legg eit «asfaltlag» mellom 800 – 1500 tonn asfalt pr dag. 1000 tonn tilsvarar omlag 70 lastebilar per båt. 

Når asfaltbåtane kjem, sit ein av dei tilsette i kontrollrommet og overvåkar produksjonen og at alt går rett føre seg, medan den andre køyrer hjullastarar med sand. 

For å jobbe på asfaltfabrikk bør ein ha ein allsidig bakgrunn, til dømes er industrimekanikk, maskinkøyring og sveising noko ein har god bruk for.

Dei tek i mot lærlingar om den rette dukkar opp. Du bør ha allsidige interesser for å jobbe på asfaltfabrikk. Du må og vere tilgjengeleg for å jobbe til ulike tider av døgnet. Når ein produserar asfalt skjer det ofte på kveldstid og på søndagar. Båtane kjem inn på søndagar for lasting, slik at dei er klar for lossing/levering på måndagar.

 

Steinen som vert teken ut og produsert asfalt av i Listraumen, er av beste kvalitet. Den er hard og kvit som gjer at asfalten varer lenge og kan brukast i tunellar med krav til lys stein. Dette gjer også at asfalten kostar meir å produsere.  

Kontakt:

Dagleg leiar Per Inge Oppedal

Tlf: 990 95 505

E-post: per.inge.oppedal@veidekke.no

 

 

 

Hyllestad Asfaltfabrikk

Sognesjøvegen 1318, 6957 Hyllestad

Veidekke-logo.jpg