Aurora og Ricardo.jpg
hyllestad.info logo.png

Aurora & Ricardo

Aurora (f. 1953) og Ricardo Vergara (f. 1955) kjem opprinneleg frå Viña del Mar i Chile. Dei kom til Noreg som flyktningar 1987. Ricardo kom seg ut av landet i mars og blei plassert i Oslo, for så å flytte til Drammen, vidare til Eggedal og så tilbake til Drammen. Aurora kom til Noreg i oktober same år og blei plassert i Hyllestad kommune. Ricardo fekk etter ein stund flytte til familien sin i Hyllestad.

 

Aurora og Ricardo hadde to søner på det tidspunktet, og i Chile hadde dei hus, gode jobbar og var veletablerte. Det var ei tung tid å måtte flykte frå landet sitt og det var tøft å komme til kalde Noreg der dei ikkje forstod språket og kulturen.

 

Etter kvart fekk dei sin tredje son, og var heldige og fekk seg jobb. Aurora på sjukeheimen og Ricardo på Havyard. På denne måten vart dei lettare integrert i samfunnet og dei lærte seg språket raskare. Sønene byrja på skule og lærte seg godt norsk, men det var ein tøff start for dei og. Å flykte frå heimlandet sitt var ikkje noko dei ville, men måtte på grunn av situasjonen i Chile.

 

Saknet etter Chile var framleis tilstades, og dei diskuterte om dei skulle flytte heim då landet var blitt trygt att. Men no var gutane godt etablert på skule, dei hadde fått seg vener og trivdest godt i Hyllestad. Då tok dei avgjersla om å bli verande og byggje seg hus. Dette var 20 år sidan.

 

I dag bur eldste sonen i Høyanger, mellomste i Eikefjord og yngste i Naustdal. Aurora og Ricardo har åtte borneborn og tykkjer det er fantastisk at alle bur så nær, slik at dei kan treffast ofte.

Ricardo jobbar framleis på Havyard. Han minnast tilbake til byrjinga då han ikkje forstod språket og følte seg ganske åleine i jobben. Det var ein vanskeleg og brutal start, men i dag har han mange kjekke kollegaer og trivast godt i jobben.

 

Aurora jobba på sjukeheimen heilt til i fjor. Då var ho involvert i ein alvorleg bilulykke som førte til at ho ikkje kunne jobbe meir. Dette har vore veldig vanskeleg og tungt for Aurora. Ho har alltid vore aktiv og har likt å jobbe med - og hjelpe andre menneske. Med korona oppå det heile, har det vore ekstra tøft å ikkje kunne vere samla med familien sin. Heldigvis har ho kunne sett, og prata med dei, gjennom videosamtalar.

Aurora har alltid prøvd å hjelpe og inkludere folk som kjem til kommunen som flyktningar. Av eiga erfaring veit ho korleis dei har det, og kor tøft det kan vere å komme til eit heilt nytt land utan å kunne språket. Ho har treft mange gjennom jobben på sjukeheimen, men har og prøvd å hjelpe dei på fritida si. Det viktigaste er å lære seg språket. Eit godt tips ho har gitt til fleire, er å sjå på norsk TV.

 

No har Aurora og Ricardo budd i Hyllestad i 34 år. Den største forskjellen frå Chile og Norge er været og kulturen. Aurora og Ricardo er vande til å møte folk med smil, kyss på kinnet og klem. Det tok lang tid å venne seg til at nordmenn ikkje var sure, eller ville deg vondt, sjølv om dei ikkje tok deg i mot med opne armar.

 

Men at dei trivast er heilt sikkert. Elles hadde dei ikkje blitt verande så lenge som dei har gjort. Dei likar naturen som er her, at det er roleg og at «alle kjenner alle». Det er godt og trygt her.

 

På fritida likar Ricardo å gå på fjelltur, medan Aurora likar å vere blant folk. Då barna var mindre var Ricardo fotballtrenar for «miniputtane». Dei likar begge to fotball godt og fylgjer ivrig med når Chile spelar landskamp. Dei likar og å bli med når borneborna spelar fotballturnering, for å heie.

 

Folka i Hyllestad er fantastiske og dei er glad for at dei hamna akkurat her - sjølv om dei skulle ønskje at innbyggjarane var flinkare med klem.