top of page
hyllestad.info logo.png

Baregod er eit velværesenter som starta opp på Sørbøvåg i 1998 av Anne Berit Garnes. Ho er utdanna naturmedisinsk aromaterapeut og for fem år sidan flytta Baregod inn i nye lokale i Britahuset på Hyllestad.

 

Baregod er opptatt av å tilby produkt som er bra for både miljø og folk og dei tilbyr ulike formar for massasje og velværebehandlingar. Du kan også få kjøpe produkt hos dei, både i butikken og på nett. Og med ujamne mellomrom vert det arrangert foredrag eller workshops med ulike tema.

Hos Baregod kan du nyte litt luksus og eigenpleie i form av ansiktbehandling, reins, skrubb og spa. Dei er også open for samarbeid med andre og ønskjer veldig gjerne at fleire bedrifter under same kategori kan etablere seg i Hyllestad.

På Britahuset er dei i dag to bedrifter, Baregod og For Deg Frisør, og i underetasjen finn du eit sjølvbetent solarium.

Dei ser at ein hudpleiar eller fotpleiar hadde vore med på å styrke Britahuset som eit velværesenter. Dei oppmodar difor andre til å ta kontakt om dei ønskjer å starte opp noko liknande.


Anne Berit hos seier at ho iallfall skal halde på i ti år til og ser mange moglegheiter med bedrifta. Det er eit spennande yrke og det gjer godt å kunne tilby litt kvardagsluksus til innbyggjarane i Hyllestad kommune.

Sørbøvåg Aromaterapi.jpg

Baregod finn du i "Britahuset" i Hyllestad sentrum, tvers over vegen frå Hatleberg Bil og Maskin.

Tlf. 905 34 379

post@baregod.no

baregod.no

logo-green-17nov-final.png
  • Instagram - svarte sirkelen
  • Facebook
bottom of page