Barnas Turlag Hyllestad vart etablert i 2009 og er saman med Gulen og Solund ein del av Ytre Sogn Turlag. Ytre Sogn Turlag har som føremål å arbeide for eit enkelt, aktivt, sikkert, allsidig og naturvenleg friluftsliv. Barnas Turlag Hyllestad er gjennom Ytre Sogn Turlag tilslutta Den Norske Turistforening (DNT).
Laget skal arbeide for sikring av friluftslivet sitt natur og kulturgrunnlag og arrangerar turar for born i alderen 0 – 12 år i Hyllestad kommune.
Barnas Turlag arrangerar turar i nærområdet annankvar månad, og 2 gonger i året arrangerar dei «Kom deg ut» dagen. Desse 2 arrangementa krev noko meir planlegging og rekognosering enn dei vanlege turane, og går føre seg i februar og september.
Ein som alltid er med på desse turane er maskoten til turlaget, «Turboreven». Han er blå av farge, lett å kjenne att og veldig populær. Når laget er på tur, forflyttar han seg raskt mellom turgåarane. Det har og hendt at han har fått vere med nokre av medlemmane heim på overnattingsbesøk men då lyt han love at han er klar til neste planlagde tur.
Alle er velkomne på Barnas Turlag sine turar og du treng ikkje vere medlem for å vere med. Det er til dømes mange besteforeldre som tek turen saman med borneborna sine, så alle aldrar er representert.
«Å vere med borna på tur gjev jo ein helsegevinst for dei vaksne og» seier leiar Katarzyna Lylund.

I tillegg til at ein vert kjend med stiar og turar i nærområdet vert ein og kjend med andre som likar å gå på tur. Den sosiale delen av Barnas Turlag er viktig og praten går livleg når dei er på tur og samlast rundt leirbålet.
Har du lyst å vere med på tur?
Følg med i sosiale media eller sjå etter oppslag, kle deg etter været og møt opp!

Offentlig gruppe:
BARNAS TURLAG HYLLESTAD