hyllestad.info logo.png

Hyllestad barnehage blei starta i august 1989 og det var då kommunen fekk eit heildagstilbod. Fram til då var det eit korttidstilbod i grendene og vart blant anna drive av husmorlaget.  

Den gang var det omlag 100 barn i kommunen som trong barnehageplass, og då hadde dei ein fulltidsbarnehage i Hyllestad, samt to kortidsbarnehagar med 60 prosent tilbod på Øn og i Leirvik. Det vart fort venteliste, for i 1994 blei det født eit stort kull i Hyllestad og dermed blei det grunnlag for å etablere Åfjorddalen Barnehage frå 1995. 

På slutten av 2011 bestemte kommunestyret at ein berre skulle ha ein barnehage på grunn av nedgang i barnetal. Etter ein ombyggingsperiode var Hyllestad Barnehage klar for å ta imot alle barnehagebarna i kommunen frå 2013.  Dette er ein kommunal barnehage som ligg nedanfor kommunehuset, nær fjæra og med flott utsikt utover fjorden og til Lihesten. Den ligg sentralt i forhold til helsestasjon, tannlege, skule, SFO, transport, idrettskule, kulturtilbod og andre tenester og samarbeidspartnarar som er viktig for ein god oppvekst. 

I dag er det 45 barn og 17 tilsette fordelt på fire avdelingar.  

Barnehagen skal i samarbeid og forståing med foreldra ivareta barna sine behov for omsorg og leik, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen sitt mål er å ha eit inkluderande barnehagemiljø. Dei tilsette i barnehagen er med i eit utviklingsprogram som heiter «Kvalitet og leiing», der dei tek utgangspunkt i barnehagen sitt behov for betring og utvikling i møte med framtida. Tema for nytt barnehageår er «Robuste barn og kompetente vaksne».

 

Når barna kjem til barnehagen om morgonen skal dei bli tatt godt i mot. Det er viktig at barna får ein god start på dagen.  Barnehagen er delt opp i fire avdelingar med dei aller minste (0-3 år) på to avdelingar og dei større borna (3-6 år) på dei to andre avdelingane. Dei har eit eige opplegg for førskulebarna og eit godt samarbeid med skulen for overgang barnehage – skule. Barnehagen har aldersblanda grupper -  store og små barn er saman. Barn lærer best av andre barn. Dei største barna får vise omsorg og dei blir rollemodellar for dei minste.

I ein barnehage er det mange ting ein må ta omsyn til. Barnehagen har satsa på å styrke bemanninga og målet er to pedagogar pr. avdeling. Ved å auke opp bemanninga til 4 vaksne pr. avdeling har dei lagt inn at møter, planleggingstid og kortare fråvær skal avviklast mest mogleg utan å ta inn vikar. Det blir betre stabilitet, mindre sårbart ved fråvær og at barna møter kjende vaksne. Dei har meir samarbeid på tvers av avdelingane, mindre sjukefråvær og positive vaksne som gleda seg til å gå på jobb.  

Styrar Rigmor S. Dale ønskjer velkommen til nytt barnehageår

Framover har Rigmor eit ønskje om å bruke foreldregruppa meir. Foreldregruppa i Hyllestad er ein flott og aktiv gjeng, og barnehagen hadde rett før Covid-19 braut ut, begynt med temakveldar. Slike treff er veldig sosiale og lærerike, og Rigmor håpar det blir meir av det framover.

Elles oppmodar Rigmor foreldra  til å bruke barnehagen på fritida, i helgane og til bursdagsfeiring! Det er berre å ta kontakt.

Kontakt:

Rigmor Strømskag Dale

E-post: rigmor.dale@hyllestad.kommune.no

Telefon: 577 89 555

Hyllestad.info er utvikla av Hyllestad kommune | Send epost  | Ring 57 78 95 00

  • Facebook - Hvit Circle
  • Instagram - Hvit Circle

Følg, lik og del!  #hyllestadinfo