hyllestad.info logo.png
Bårøy bilder og video

John Gerick Bårøy har alltid hatt interesse for video og redigering men har alltid sett på det som ein hobby. Men då han stadig fekk førespurnadar om å ta stillbilder og videoar, fann han ut at han ville opprette eit enkeltpersonføretak. 

 

Bedrifta sin eksistens kan ein kanskje setje på kontoen for tilfeldigheter då John aldri har marknadsdsført at han kan tilby slike tenester. Men ryktet gjekk på jungeltelegrafen, og spesielt etter 17.mai-filmen han laga i år tok førespurnadane seg opp. John ser at det heilt klart er eit marked for dette i Hyllestad og omkringliggande kommunar, men han kjem til å ta ting litt etter litt. Dette er førebels berre noko han har tenkt å ha som ei biinntekt. 

 

John seier at alle førespurnadar innan bilde og filming, om det er med vanleg kamera eller drone, er velkomne. Han kan ta på seg dei fleste oppdrag som har med oversiktsbilete og video å gjere, og få eller ingen begrensingar. Han kan og streame live frå til dømes gravferd, konfirmasjon og bryllaup, noko som har vore veldig aktuelt no under korona. 

 

Dette er hobbyen og interessa til John, og han har lært seg alt på eigehand. Men innan dronefilming har han teke ulike kurs og sertifikat som ein må ha for å få lov til å filme med drone. Sertifikatet han har, gjev han lov til å filme alt innan eiga synsrekkevidde og under 120 meter over bakken. Han må kunne sjå drona i lufta, og då varierar rekkevidda alt etter kvar ein er og kva lysforhold ein har.

Hjå John kan du få materialet ferdig redigert eller som råmateriale, det bestemmer du heilt sjølv. Om du har ei bedrift eller eit område du ønskjer unike bilder og film frå, er det berre å ta kontakt med John, så hjelper han deg med det. Han har og moglegheit til å ta 360 graders bilder. 

 

Foreløpig har han ikkje så mange bestemte mål for bedrifta. Han tek på seg oppdrag han får, og let ting gå sin gang. Til hausten skal han få på plass ei facebookside, og kanskje kjem det ein logo og ei heimeside etterkvart. Markedet er der, og so får tida vise om han kjem til å satse meir, om fleire forespurnadar kjem.

Kontaktinformasjon:

E-post:  john.ger007@gmail.com

Tlf: 971 55 107