top of page
hyllestad.info logo.png

Fjordavind vart etablert av Frøydis og Mal i 2018. 

Mal kjem frå Skottland og har bakgrunn frå undervisning, forsking og journalistikk i UK, før han flytta til Noreg og starta å jobbe med foto og guiding/formidling. Frøydis kjem frå Hyllestad og har bakgrunn frå maritim industri, mellom anna kystvakt, seismikk og marin forsikring. 

Då Frøydis overtok familien sin gard Skogen på Nes i Hyllestad, såg ho og Mal eit potensiale i å ta vare på og utvikle den, og bruke den som grunnlag for si eiga næring. Dei meiner det er verdi i det som er typisk vestlandsk, og ynskjer å gje gjestane sine ei ekte oppleving av Noreg når dei kjem på besøk. 

Dei er fortsatt i startfasen og det er mange ting som skal på plass. Dei held på å setje saman ei pakkeløysing, der gjestane får alt i eitt, dvs transport, overnatting, mat og opplevingar. Overnattinga vert i det vesle gjestehuset ved fjorden, som dei driv og pussar opp, der m.a. kjøkenet no er godkjent for matservering.  Konseptet med pakkeløysinga vert seld under namnet «Fjord Moments», og er retta mot ein utanlandsk marknad. 

Dei ynskjer og å tilby innbyggarane i Hyllestad noko nytt, og har planar om å bruke gjestehuset som café når det ikkje er i bruk som overnattingsstad. 

Mal jobbar og som fotograf, og har tatt mange flotte landskapsbilete i Sogn og Fjordane. Gjennom sosiale media, fotokonkurransar og utstillingar rundt om i verda har han klart å skape seg eit namn og ei interesse for Noregs vakre Vestland.

Ambisjonen og målet er å kunne leve av dette, og dei håpar på sikt at dei kan få til samarbeid med fleire bedrifter i m.a. besøksnæringa, slik at dei saman kan gje turistar ein uforgløymeleg oppleving i distriktet vårt. 

Fjordavind.jpg
Frøydis_and_Mal.jpg
  • Facebook
  • Facebook - svarte sirkelen
  • Instagram - svarte sirkelen

Nesvegen 58, 6957 Hyllestad

Tlf. Frøydis: 481 94 998

Tlf. Mal: 939 42 454

E-post: info@fjordmoments.com

www.fjordmoments.com

bottom of page