Hotel Sognefjord ligg fint til ved Sognefjorden med kort veg til E39, ferje og ekspressbåt. Hotellet vart bygd i 1996 og er nyoppussa i 2018. Hotellet har 11 moderne rom med god standard og tilbyr både enkelt-, dobbelt- og familierom med kapasitet til 30 personar.
På Hotel Sognefjord finn du bar, restaurant og lokale til konferanse, møte og selskap. Det ligg ein gjestehamn for fritidsbåtar like ved hotellet. Hotellet kan tilby ulike aktivitetar slik som vannscootersafari, guidede fjellturar og stormwatching.
Hotel Sognefjord ynskjer å vere ein møteplass for innbyggjarane samt tilreisende gjestar. Lokale gjestar set pris på våre heimelaga skillingsbollar kvar laurdag og heimelaga raspeballer på torsdagar. Quiz og pubkveld er populære tilbod, og Påske- og romjulsfest har blitt til ein tradisjon for mange.
Hjartleg velkomen til Hotel Sognefjord!

