Bettina & Odd Helge
I eit hus ved sida av den einaste garasjen med torvtak i Myklebustfeltet på Hyllestad, bur Bettina Wickman Kvamme (29) og Odd Helge Gåsdal Hatlem (31) saman med sonen Jonathan på 1 år og 9 månadar. Her har dei budd sidan februar 2019 og ved sidan av å vere på jobb held dei på med innvendig oppussing av huset.
Odd Helge er oppvaksen i Hyllestad og har etter skulegang her og i Dale studert i Bergen. Bettina er fødd og oppvaksen i Bergen og det var her ho traff Odd Helge. Etter studier i Bergen gjekk vegen vidare til Trondheim der dei budde i om lag 2 år. Bettina og Odd Helge har vore mykje på reisefot, både i samband med studier og ferie. Mellom anna har dei vore utvekslingsstudentar i Sydney noko som var særs lærerikt og spennande.
Odd Helge jobbar hjå Fjord1 innan anbod og utvikling og har dei siste åra hatt base i Florø. Til hausten startar han i ny jobb hjå BKK og vil dele kontorfasilitetar med BKK Enotek (tidlegare MultiVolt) i Leirvik. Her vil han mellom anna jobbe med elektrifisering av havbruk. Bettina som er utdanna sivilingeniør, har spesialisert seg mot marine ressursar og havbruk, og har sidan februar 2019 jobba hjå Akvahub AS, noko ho stortrivast med.
Grunnen til at dei valde å flytte til Hyllestad er nærleik til familie og jobb. Begge jobbar med fag som er relevante for utdanninga deiras og dei trivast veldig godt. Det er rolegare tempo her, vi får gjort meir - og så slepp vi å stå i kø, seier dei. Når dei bestemte seg for å flytte til Hyllestad ville dei bu i gangavstand til mellom anna butikk og barnehage, så huset i Myklebustfeltet passa difor perfekt.
Sjø og båt er stikkord for familien. Bettina er oppvaksen med segling og denne interessa har smitta over på Odd Helge. Det har ført til at dei har eigen trebåt i Hyllestadfjorden som dei restaurerar og fiksar på. I tillegg til interessa for segling og båt er Bettina glad i snorkling og fridykking. Dei trekk og fram dei mange fritidsaktivitetane i Hyllestad. Odd Helge har tidlegare spelt fotball og kunne kanskje tenkt seg å sjekke ut innebandytilbodet i Hyllestadhallen.
"Og så har vi byrja å dyrke våre eigne grønsaker", avsluttar Bettina og Odd Helge før dei på kommando frå Jonathan måtte flytte leiketeltet hans ein halvmeter til høgre i stova.
