top of page
hyllestad.info logo.png

I 1968 tok svigerforeldra til Mona Birkeland over campingen på naturskjønne Birkeland ved Aksevatnet. Då var det berre ein teltplass. Svigerforeldra starta med å bygge to hytter og eit sanitærhus. Seinare vart det bygga tre hyttar til.

Gode naboar og gardsfolk er grunnen til at det vart realisert. Campingen har aldri vore ein hovudinntenkt, men ei attåtnæring når det var lite mjølk på garden.

Mona byrja sjølv å hjelpe til i 2010. På den tida var det ingen i familien som var heime og svigerforeldra var begynt å dra på åra. Det er mykje arbeid å drive camping, frå vedlikehald til vasking og stort areal som må slåast og skogryddast. Ho skulle eigentleg berre hjelpe til eit år, men åra gjekk og ho er der fortsatt. Frå 2013 tok Mona over drifta og styringa av campingen. I byrjinga hjelpte sonen til og elles har ho hatt god hjelp frå  gode naboar. Det er spesielt ein nabo som den dag i dag blir nemnd av deira faste campinggjestar. «Kjell med pipa», også kjend som Kjell Torseth, var heilt topp. I fire-fem år hjelpte han Mona kvar sommar slik at ho kunne ta seg ei veke ferie. Mora til Mona hjelpte også til, men ho kunde ikkje engelsk, så ho vaska, medan Kjell passa campingen, prata engelsk, fortalde gode historiar og var kjekt vertskap for gjestane. 

Hos Birkeland Camping kan ein bu i 4-manns hytte, slå opp telt eller overnatte i bubil. Ein kan leige eit større område om ein vil vere i fred. Med i leiga kan du mellom anna nytte deg av kajakk, robåt, fiskeutstyr, hengekøye og grill.

Det er mykje å ta seg til og Mona tilrår alle gjestane sine å padle seg ein tur tidleg morgon for å nyte stillheita  før dei legg ut på fjelltur.

Aksevatnet som campingen ligg uti er i fuglefredingsområde, føremålet med fredinga er å ta vare på det rike fuglelivet og fuglane sitt livsmiljø i eit viktig våtmarksområde som har særleg verdi som trekk- og hekkelokalitet for våtmarksfugl.  Ørna ser Mona ofte på sine padleturar og tranene veit å lage lyd.

Sidan  Mona driv campingen ved sida av full jobb, må ho gjere tilpassingar som «ein vandrande resepsjon». Etter arbeidstid er ho og Geir som hjelper mykje til og i området, snakkar med gjestande og passar på at alt er på stell. 

birkeland camping.jpg

Ei tilbakemelding ho stadig får er at det er ryddig og pent. Det er noko som er viktig for Mona, i tillegg til å vere ein god vert. Dei har mange faste turistar som kjem år etter år, og generasjon etter generasjon, og det tykkjer Mona er kjekt.

 

Mona ser mange utviklingsmoglegheiter og boblar av idear. Utleige av bil, slik at bubil og campinggjestar kjem seg til turar og aktivitetar i regionen utan å må «ta med seg heile huset», tilby flytande telt til overnatting på vatnet, kajakk for born.

I september blir da på campingen  "The Hyllestad Shetland pony show" då håpar ho mange vil ta turen.

  • Facebook
  • Instagram - svarte sirkelen
birkeland camping 2.jpg
bottom of page