hyllestad.info logo.png

Bjørn & Tore

Bjørn Roar Larsen (56) og Tore Skarpnor (54) har budd på Åfjorddalen, nærare bestemt Sætre, i 7-8 månadar. Her dyrkar dei sin store lidenskap som er Shetlandsponniar og Islandshestar.

 

Tore, som er oppvaksen i Ringsaker, overtok familegarden der då han var 19 år. Han valde etterkvart å selje denne for å fylgje draumen sin og flytta, saman med Bjørn, til Shetland. Bjørn er oppvaksen i Modum, og har dei siste 9 åra budd på Shetland saman med Tore og 107 ponniar. 

Grunnen til at dei har busett seg i Hyllestad er noko tilfeldig. På Shetland hadde dei ikkje mogelegheit til å kjøpe eigedom å drifte føretaket sitt på. Grunna kronglete regelverk er det kun mogeleg å leige. Sidan dei begge hadde ynskje om å eige, valde dei å vende nasa heimover og byrja søke etter gardsbruk på Internett som kunne passe.

 

Sætre var eitt av alternativa som dukka opp, og her har dei pr dags dato 33 ponniar og nokre Islandshestar pluss at det spaserar nokre høner og kattar rundt på garden. Dei fortel at ponniane fungerar særs godt som beitepussarar for å halde kulturlandskapet ved like og dei har meir eller mindre rydda eit attgrodd gardstun for høgt gras på eiga hand. 

På Sætre kan dei dyrke interessa si for ponniar og hestar fullt ut. Dei reiser på utstillingar og andre tilstelningar med ponniane i tillegg til at dei driv avl og sal av desse. Ponniane går til kundar frå mellom anna Danmark, England, Nederland og Austerrike. Ein av draumane til Bjørn og Tore er å arrangere Hyllestad si eiga hesteutstilling med dommarar, premiering og alt som fylgjer med!

 

Bjørn er utdanna frisør, hovslagar og ridelærar og jobbar til dagleg som frisør hjå «På Håret» i Dale. Han er og tilkallingsvikar på Hotel Sognefjord i Leirvik, noko som han tykkjer er særs triveleg og sosialt.  Tore er utdanna agronom og jobbar som avløysar i Hyllestad. I tillegg til dette har Tore jobba litt innan helse og Bjørn med rideundervisning.

Det dei tykkjer er det beste med å bu i Hyllestad er alle dei kjekke folka som bur her og den vakre naturen. «Det er jo som eit postkort» seier dei. 

"Folk er veldig hjelpsame og hyggelege her, om det er fòr til dyra eller beiter, så stiller folk gladeleg opp"

Hyllestad.info er utvikla av Hyllestad kommune | Send epost  | Ring 57 78 95 00

  • Facebook - Hvit Circle
  • Instagram - Hvit Circle

Følg, lik og del!  #hyllestadinfo