hyllestad.info logo.png
Bjørn Tore Dale

Bjørn Tore jobbar til vanleg offshore som subsea-ingeniør. Før det jobba han som tømrar i Hyllestad Bygg i 15 år. Han har også hatt reisejobb der han har jobba på ulike anlegg. Til saman har han jobba innan bygg- og anlegg i 35 år.

 

Bjørn Tore er vant til å jobbe og han likar å ha noko å gjere på. Med turnusjobb slik som han har no, blir det lange periodar der han må vere heime. Då fann han ut at han ville opprette eit enkeltmannsføretak slik at han fekk jobba på fritida si og. Det er kjekt å utføre oppdrag for andre lokalt. Med erfaringa og bakgrunnen innan bygg- og anlegg var det ikkje vanskeleg for han å berre hoppe rett i det. 

 

Bjørn Tore kan utføre dei fleste småoppdrag innan tømrar- og anleggsfaget. Han har både traktor, dumperhengar, boreutstyr og gravemaskin. Mure kan han også. Han har mellom anna vore med å laga muren rundt Øn kapell, og hjelpt til å mure kalkomnen i Kversteinsparken. 

Bjørn Tore gjer dette mest som ein fritidssyssel. Han tykkjer det er givande å kunne ha si eiga bedrift og få moglegheit til å gjere noko han likar når han er heime i Hyllestad. Han reknar med å forsette slik han har det no, med dette som biinntekt, og har ingen planar om å utvide. Han gjer det so lenge han tykkjer det er kjekt.

Marknadsføringskanalen er jungeltelegrafen og godt nettverk innanfor bransjen. Det er både private kundar og lokale bedrifter som hyrer han inn for oppdrag. Det er berre å ta kontakt! 

Bjørn Tore Dale

Tlf: 99 00 30 34

E-post: bjtdale@gmail.com