hyllestad.info logo.png

Sunnfjord Energi, eller L/L Svultingen som var namnet då, hadde sin oppstart allereie i 1939.

Det heile starta med at dei bygde eit kraftverk på Lavikdalen, men etterkvart såg innbyggjarane i HAFS-regionen behovet for straum og det vart oppretta fleire lutlag. Linjenettet vart bygd ut, og i 1950 hadde mesteparten av innbyggjarane i Hyllestad straum.

 

Behovet for straum har berre auka sidan den gong. På 50-talet var det mykje linjebygging, og det var mange frå Hyllestad som var med å bygge linjer i Fjaler, Solund og Gulen. I 1964 kom Nedre Svultingen på nett, noko som gjorde det mogleg å forsyne større områder i Ytre Sogn og Sunnfjord. 

 

I 1984 vart L/L Svultingen eit felles selskap for Fjaler, Ytre Sogn og Sunnfjord, og endra namn til Ytre Sogn og Sunnfjord Energiverk (YSSE). Då vart det meir systematikk, og ein såg heile distriktet som ein region. Nokon år seinare vart det bygd nytt hovedkontor i Staurdalen i Hyllestad, der dei endå held hus. Idar Skorpen var primus motor i den tida. 

 

Oddvar Hatlem, som i dag er seksjonsleiar, byrja å jobbe i selskapet i 1996 medan namnet framleis var YSSE. I 1997 slo dei seg saman med Sunnfjord E-verk. Det nye selskapet vart då Sunnfjord Energi A/S. I 2020 vart dei kjøpt opp av BKK A/S og heiter no BKK Nett A/S- Region Nord. BKK Nett er ein av Noregs største operatørar av straumnett, med ein offensiv vekststrategi på Vestlandet.

 

I Region Nord har Oddvar ansvar for montasje avdelinga som er fordelt på kommunane Sunnfjord, Fjaler, Solund, Høyanger nord og Hyllestad. I Hyllestad er dei fem montørar, to lærlingar og ein seksjonsleiar.

 

Hovedkontoret til Region Nord er i Førde, men alle kommunane har eigne basar. For Oddvar medfører jobben som seksjonsleiar mykje reising til dei ulike basene og regionane. Men no med korona har det meste gått føre seg over nett. Det har fungert overraskende bra, og han trur dei vil forsetje å ha mange møter på denne måten, også når korona er over.

 

Hovudoppgåva til BKK Nett er å forsyne kundane med straum. Dei har alltid montørar som har vakt og er klar til å rykke ut om nokon misser straumen. Dei siste åra har dei bygd og fornya veldig mykje nettanlegg, noko som gjer at stabiliteten er særs bra trass utfordrande verforhald.

 

Dei tilsette i Hyllestad har utdanning frå vidaregåande, fagskule eller ingeniørskule. Akkurat no har dei to lærlingar inne, der ein nyleg har byrja og den andre skal opp til fagprøve.  

I Region Nord tek dei inn 7-10 lærlingar kvart år, og rekruttering er ein svært viktig jobb. Oddvar opplever at det er mange som ønskjer å jobbe som energimontør, der dei får jobbe fysisk og vere utandørs.

I Region Nord er dei tilsette veldig sterke fagleg, kjenner nettet som si eiga bukselomme  og er ikkje redde for å vere ute i røffe værforhold. Det er veldig viktig med eit godt miljø på basane.

Vidare er sikkerheit og HMS noko av det viktigaste dei har med seg i kvardagen. 

Jonas Ness, som har vore lærling i Staurdalen i eit halvt år, seier at det er kjekke og varierande arbeidsdager. Å få vere utandørs og jobbe fysisk er viktig for han, og heilt sidan han byrja på elektrolinja i Høyanger har han visst at det var på avdelinga i Staurdalen han ville jobbe. Han trivast godt og likar oppgåvene han får. 

 

Ein stor del av jobben til Oddvar handlar difor om å rekruttere godt personale og å halde motivasjonen til dei tilsette oppe. På den måten beheld ein erfaringa på avdelingane og.

Når ein jobbar med straum og digitale tenester må ein vere innovativ og framtidsretta. Dei brukar helikopter og drone, og må stadig finne nye smarte løysingar for styring av brytarar og lastflytbalense.

 

Avkarbonisering og elektrifisering er framtida, og det stiller store krav til framtidas kraftsystem. Dei må vere oppdaterte og bygge eit framtidsretta straumnett i takt med samfunnsutviklinga i regionen og Vestlandet. Det er viktig å samarbeide med dei andre regionane, jobbe på tvers av grensene for å utvide horisonten, og verte endå meir slagkraftige for tida som kjem.

 

Stabil straumforsyning og beredskap er like viktig på land som i by. På den måten kan ein få utvikling i nærmiljøet, tilflytting og behalde dei som allereie satsar på næringar, uansett kor ein etablerar seg.

 

No har Oddvar jobba på avdelinga i Staurdalen i 25 år og det har skjedd mykje sidan den gong han starta. Men dei har klart å halde eit høgt kunnskapsnivå og eit godt sosialt miljø hjå dei tilsette. Området rundt hovedkontoret i Staurdalen er godt eigna for industri og har store moglegheiter for utviding. Ein må og sjå på løysingar og mogelegheiter for å leige ut kontorplass til andre som kunne tenkt seg å jobbe i eit kontorfelleskap saman med dei kjekke folka i Staurdalen.

BKK_3D_Pos_Liten_edited.png

BKK Nett

E-post: Oddvar.Hatlem@bkk.no

Tlf: 952 53 943

nett.bkk.no

  • Facebook

To av dei tre  spennmastene på Ungegeita i Hop, Solund, under bygging i 1949. Toralv Åsnes i masta, nede tv. står Andreas Skarnagel, dei to andre ukjende. Utsikt over Nesefjorden.

(Foto: Tom Vassdal, SFF)