top of page
hyllestad.info logo.png
bkk enotek.jpg

I 2013 starta Tore Bråstad og Jan Helge Lekva Multivolt AS. Dei hadde begge jobba i Rysjedal Elektro, Sunnfjord Energi og på Havyard. I seinare tid dreiv dei kvart sitt selskap, og det var då dei tenkte at dei kanskje skulle slå seg saman for å satse på meir utfordrande jobbar og større marknad.

 

Før Multivolt starta opp, var Tore ordførar i Hyllestad ein periode, og hadde mykje med omstilling å gjere. Tore vart godt kjend med både næringsliv og verkemiddelapparatet. Han visste korleis ting fungerte, korleis kome i dialog, og indirekte kan ein seie at denne erfaringa gjorde at dei våga å satse og slå seg saman. 


Tore og Jan Helge hadde mykje lik bakgrunn i forhold til utdanning og erfaring og dei hadde ein gjensidig respekt for kvarandre. I MultiVolt har dei hatt litt ulike rollar, noko dei såg på som ein styrke for firma. Tore jobba mykje med organisasjonsbygging, sal og bygge relasjonar mot kundar, samarbeidspartnarar og leverandørar, medan Jan Helge hadde ansvar  for IT-system, innkjøp, kundeoppfølging. Dei ser fordelen med å vere lik teknisk, men ulik i forhold til kva rolle dei har.

Men for å få til ein skikkeleg offensiv satsing og strategi, måtte dei ha med seg ein på laget som var ein superseljar med internasjonal erfaring. Den mannen var Roar Bøe. Då han fekk vete om satsinga til Tore og Jan Helge, var han ikkje i tvil. Han vart styreleiar og gjekk gjennom familiens investeringsselskap inn med 10 prosent eigenkapital, seinare vart også Harald Kjelstad aksjonær med 10 % eigardel.


Det var viktig for dei å ha eit godt namn og ein god logo. Dei brukte difor mykje tid og midlar for å lande Multivolt som merkevare. Eit namn og ein logo dei var veldig stolt over.

I løpet av fem år vart dei 25 tilsette. Dei hadde avdeling både i Førde, Dale og i Gulen, men marknaden begynte å bli for smal. For å vekse og utvikle seg ytterligare, var dei nøydd til å utarbeide ein ny strategi. Dei kunne valt å fortsette slik dei var, men analysen tilsa at dei burde ta ny grep om dei ville vokse. Dei fann ut at dei måtte byrje å tenke meir nasjonalt og internasjonalt.

Multivolt hadde ein unik spisskompetanse som få andre hadde, nemleg elektrifisering innan havbruk. På grunn av dette var det mange større bedrifter som var interessert i å kjøpe dei opp. Men BKK Enotek var den bedrifta Tore og Jan Helge følte utfylte deira selskap best. Saman med BKK Enotek sin spisskompetanse innan høgspent og fiber, såg dei ein moglegheit for å bli ytterligare styrka og vekse i nye større marknadar.

Og frå 1. juni 2020 vart Multivolt fusjonert med BKK Enotek. Gjennom selskapet MultiVolt Holding har Tore og Jan Helge og dei 2 andre aksjonærane aksjar og eigarskap i BKK Enotek. BKK-konsernet er Vestlandets største fornybarselskap med 1300 tilsette og 100 års erfaring innan energiproduksjon og infrastruktur. BKK Enotek har ca. 250 tilsette herav 165 fagarbeidarar/lærlingar, 70 ingeniørar og 15 administrative stillingar lokalisert på 7 lokasjonar frå Bergen til Ålesund. Samanslåinga betyr at dei no kan levere eit enda breiare tilbod av tenester innan prosjektering, bygging og drift av kritisk infrastruktur til kundar over heile landet. Dei har allereie fått store nasjonale oppdrag som dei ikkje hadde fått om dei var kvar for seg. Kompetansen dei innehar saman gjer at dei bli enda meir attraktive og aktuelle for marknaden.

 

Etter fusjoneringa i 2020 har dei fått ein betre moglegheit for å bygge opp eit større havbruksmiljø i Hyllestad, noko som er viktig for Tore og Jan Helge. På avdelinga i Leirvik er dei 5 tilsette på teknisk og har elles montørar og lærlingar som jobbar ute på prosjekt.
 

Ein typisk dag i Leirvik består av mykje prosjektarbeid. Dei har ansvar for kundekontakt, oppfølging av kontraktar, utarbeide tilbod, kalkulering, prosjektering og engeneering. Det er dei som er på teknisk avdeling som lagar grunnmuren som gjer at montørane kan gjere jobben ute i feltet.

Dei har prosjekt over heile Noreg, mellom anna hurtigladeprosjekt i Nesbyen, Drammen og Brandbu. Dei ser og på havbruksprosjekt i Nord-Norge. Prosjekta blir leia frå Hyllestad og dei tar alt frå prosjektering til utføring. Det er mange komplekse ting som det er viktig å ha spisskompetanse på. Den kompetansen har dei sjølv på huset og treng ikkje leige det utanfrå.

Framover har dei ca. 30 landstraumsprosjekt, i tillegg driv dei og utvikla eigne konsept og produkt som dei sel og eksporterer. Dei har ein unik kompetanse og nettverk inn mot havbruk.

Tore og Jan Helge ser lyst på framtida. I Hyllestad har dei kompetansen og eit miljø som er bygd på verftet og kulturen i bygda som alltid har vore her. Dei har vore flinke til å omstille seg til ein internasjonal kompetanse og dei ser at marknaden innanfor elektrifisering er ekstremt stort. Miljø og berekraft er i vinden, med kompetansen BKK Enotek innehar så ligg det stort potensial og mange mogelegheiter for vidare vekst og fleire lokale arbeidsplassar.

Tore ser at det har blitt lettare å rekruttere folk til Hyllestad etter fusjoneringa. Dei har fått inn søkjarar med svært høg kompetanse og han trur det skuldast at BKK er eit kjent namn og er ein stor merkevare. Han trur og at fleire innser at Hyllestad ikkje er so langt vekke frå den store marknaden og at kompetansen ikkje berre finns i byane. Det er 50 minutt unna Bringeland flyplass og to timar til Bergen. I tillegg kan ein i dag sitte kor som helst å jobbe så lenge ein har eit godt breiband.

Tore og Jan Helge likar utviklinga og satsinga i Hyllestad innan havbruk. Det er mykje som er positivt og det er eit stadig voksande miljø. På Leirvik senter, der dei har kontora sine, er dei no eit tverrfagleg miljø innan havbruk. Her har dei på berre eit år gått frå 2 selskap og 4 tilsette til 5 selskap og 13 tilsette, og fleire skal dei bli. Kontorkapasiteten er blitt sprengt, ombygging av ledige lokalar til nye moderne kontor er i full gang med plass for ytterlegare vekst.

BKK_3D_Pos_Liten_edited.png

BKK Enotek

Tlf: 957 83 000
E-post: BKK_EnoTek_AS@bkk.no 

energi.bkk.no

  • Facebook
bottom of page