top of page
hyllestad.info logo.png

Bøfjorden Båtlag vart etablert i Leirvik i 1982 med mål om å skaffe laget båthamn, fremje båtinteressa, båtkultur, sjøvit og tryggleik på sjøen. Laget har i tillegg til årsmøte, styremøter ved behov. Båtlaget driftar no den største fritidsbåthamna i området. 

 

Grunna stor etterspurnad har laget dei siste 1,5 – 2 åra jobba mykje med å auka antal båtplassar i Leirvik og disponerar no 80 plassar. Alle desse 80 er pr. dd utleigde. Det er straumsøyler og vatn på alle bryggene som dekkar alle båtplassane i tillegg til alle gjesteplassane.

 

For å få på plass fleire brygger/båtplassar i Leirvik gjekk båtlaget i dialog med lokal grunneigar om leige av grunn.

Om det ikkje hadde lukkast å få på plass denne avtalen var alternativet å flytte heile båthamna. Denne utvidinga er heilt sjølvfinansiert og gjort på dugnad.

Hos Bøfjorden Båtlag er alle velkomne til å verte medlemmar. Om ein har interessa for dette, spelar det inga rolle om ein har båt eller ikkje.

Om du ynskjer å komme i kontakt med Bøfjorden Båtlag, ta kontakt med leiar Rune Hjelmeland.

oversikt-priv.jpg
Bøfjorden_båtlag_-_Rune_Hjelmeland,_b

Leiar: Rune Hjelmeland

E-post: rune@fjordesign.no 

baatlag.wordpress.com

bottom of page