hyllestad.info logo.png

Hyllestad Bonde- og Småbrukarlag (heretter kalla HBS) er ein partipolitisk uavhengig organisasjon som arbeidar for å betre jordbrukets økonomiske og sosiale rammebetingelsar, mellom anna gjennom dei årlege jordbruksforhandlingane og eit aktivt arbeid ovanfor det politiske miljøet på Stortinget.

For HBS er økt matproduksjon, næringsutvikling, lokal foredling, god dyrevelferd og levande kulturlandskap viktige saker.

 

HBS inkluderar og Fjaler kommune, og er i dag 37 medlemmar. Medlemmane jobbar lokalt med bøndene i Hyllestad og Fjaler. Dei jobbar aktivt for å betre lønn, arbeid og produksjon, og tek med seg innspel frå bøndene vidare til landsstyret.

 

Dei som er medlem i HBS er med fordi dei ønskjer å få fleire gardsbruk i drift. Dei er opptekne av å ete mat frå gode, norske matprodusentar og ønskjer eit større mangfald av matplanter og husdyr. Medlemmane kjempar for distriktet, norsk sunn mat og det norske landbruket.

 

Leiar, Brit Inger Skaar, seier at det er viktig å ta godt vare på den jorda vi har i Noreg. Ho ønskjer at innbyggjarane i Hyllestad skal få meir kunnskap om matproduksjon og at bøndene skal få betre vilkår slik at dei kan fortsetje den gode jobben dei gjer.

HBS er fyrst og fremst eit lag for bønder, men alle som er opptekne av norsk mat er velkomne til å melde seg inn. HBS er eit demokratisk lag der alle skal få lov til å seie sitt og verte høyrde.

 

Som medlem i HBS bidreg du til at ungdom kan få ei framtid i landbruksnæringa. Du jobbar for eit berekraftig samspel mellom gardsbruk, barnehage, skule og norskprodusert mat.

Kontakt:

Leiar Brit Inger Skaar

Tlf: 941 94 307

E-post: bi-skaar@online.no

smabrukarlaget.no

  • Facebook

Hyllestad.info er utvikla av Hyllestad kommune | Send epost  | Ring 57 78 95 00

  • Facebook - Hvit Circle
  • Instagram - Hvit Circle

Følg, lik og del!  #hyllestadinfo