hyllestad.info logo.png

Borgny

Borgny Nyland Dale blei fødd i 1929 og vaks opp på Løland i Hyllestad. I barndommen gjekk Borgny på skulen på Eidsneset. Kvar dag måtte ho gå 1,5 time kvar veg til og frå skulen. Lærarinna til Borgny passa på at elevane alltid gjekk rett heim etter skuletid, men Borgny hugsar at ho og dei andre elevane ikkje alltid ville det, og gøymde seg så lærarinna ikkje skulle sjå dei når ho sykla forbi.

Borgny minnast og korleis det var i Hyllestad under krigen. Ho samanliknar det litt med korleis det kjennast då landet blei stengt på grunn av Covid-19. Under krigen fekk dei heller ikkje vere mange samla, og det var mange avgrensingar. Alt blei rasjonert og dei måtte ete det dei fekk. Det blei difor mykje sild og havregrynsgraut, og den dag i dag kan ho fortsatt ikkje ete havregrynsgraut. I byrjinga var det skremmande å sjå soldatar som gjekk rundt og hadde øving. Borgny minnast at ved bedehuset på Løland var det mange tyskarar og ofte måtte ein syne passet sitt til dei opptil tre gonger for å komme seg vidare til skulen på Eidsneset.

Borgny har budd i Hyllestad kommune nesten heile sitt liv, bortsett frå nokre år i Bergen der ho jobba. Det tok ikkje lang tid før ho flytta heim att og gifta seg med Leidolf Dale. Han var og frå Hyllestad, nærare bestemt frå Haugane i Dalsbygda. Dei budde først nokre år på Haugane, og so var dei tre år på Øverfoss før dei bestemte seg for å bygge sitt eige hus. Då fann dei ei tomt i Leirvik som låg veldig sentralt til i forhold til butikk, bank, post og jobben til Borgny - Telegrafen.

I 1955 stod huset klart i Leirvik og dei kunne endeleg flytte inn. Borgny hugsar kor stor stas det var for første gang å bu i eit hus med innlagt vatten, toalett og badekar! Borgny og Leidolf fekk seks barn, tre gutar og tre jenter.

I 1974 skjedde det ein tragedie i familien. Leidolf døydde brått av hjarteinfarkt i ein alder av berre 50 år. Å bli aleine med seks barn var tøft. Ho er takknemleg for at ho sjølv hadde jobb på den tida, og at sonane Arne, Leif og Ove tok over bedrifta til mannen. Etter ei slik hending blir ein meir styrka som familie, og Borgny har fått mykje hjelp av barna sine. I dag har ho ikkje berre seks barn, men også 12 barnebarn og 17 oldebarn. Det tykkjer Borgny er utruleg kjekt.

 

Då barna til Borgny var små hadde dei ikkje fritidsaktivitetstilbod slik det er i Hyllestad no. Da fann dei på ting sjølv, var mykje ute i skogen, bygde trehus og leika politi og røvar. Borgny synast det har vore fint å vekse opp og bu i Hyllestad. Ho har hatt det godt og har alltid hatt veldig kjekke naboar.


Borgny seiar at om ungdomen får gode og sikre arbeidsplassar, så er ho sikker på at dei vil flytte heim. Ho har sjølv to barnebarn som har flytta heim frå Bergen, noko ho set veldig pris på.
Dei som veks opp her har det veldig bra. Det er trygt og godt, og Hyllestad har ein fantastisk skule og barnehage. Men ho påpeikar at innbyggjarane i Hyllestad må bli flinkare til å nytte seg av tilboda vi har i kommunen. Ikkje reis til Førde berre fordi varen er nokre kronar billigare enn her. Bruk det vi har tilgjengeleg, elles forsvinn alt!, seiar ho. Ein annan ting ho vil be politikarane i Hyllestad om er at dei får på plass drosje og pasientreiser.

I sine yngre dagar gjekk Borgny mykje på tur i fjella rundt om i kommunen, no går ho tur i marka og på besøk til vener for å drikke kaffi. Kvar laurdag går ho og venninnegjengen på kroa for å ete bolle. Det tykkjer ho er ein veldig fin tradisjon.
Elles er Borgny ei sprek og oppegåande dame som likar å halde seg i aktivitet. Ho går på gamaldans, har prøvd seg i sangkor og er med i pensjonistlaget - noko ho har vore heilt sidan ho vart pensjonist. På grunn av corona er alle desse aktivitetane no avlyst. Dette er frykteleg synd, for da blir ein fort einsam, seier Borgny. Heldigvis har ho ein stor familie som er flink til å komme på besøk. Og no ei helg med fint vær skal alle seks barna komme for å gjere årets dugnad i barndomsheimen sin. I år skal huset malast. Borgny tykkjer det er fint å kunne samlast på denne måten.

"Dei som veks opp her har det veldig bra.

Det er trygt og godt, og Hyllestad har ein fantastisk skule og barnehage"