hyllestad.info logo.png

Åfjorddalen bygdekvinnelag vart skipa i 1950 som Åfjorddalen bondekvinnelag.  I 2002 endra dei namn til Åfjorddalen Bygdekvinnelag for å inkludere kvinner i bygda som ikkje er knytt opp mot landbruksnæringa. 

Bygdekvinnelaget har interesse for å skape gode møteplasser i bygda og dei likar å ta vare på kultur og tradisjonar som har lokal identitet. 

Laget arrangerar mellom anna trimbingo i nærmiljøet og har kurs i lefse- og flatbrødbaking. Dei tek òg på seg oppdrag som  å lage til kafé på ulike arrangement, til dømes kyrkjekaffi.

Dei arrangerar  konsertar, basarar og julebord ilag med bygdekvinnelag frå nabokommunen .

 

Medlemsmøte har dei omlag ein gang i månaden i vinterhalvåret. Der tek dei opp, og diskuterar vanlege medlemssaker og saker som måtte komme til.

Inntekter frå det frivillige arbeidet deiras gjev dei til ulike formål både lokalt i kommunen og nasjonalt, mellom anna til Bygdekvinnenes hjelpefond.

Åfjorddalen Bygdekvinnelag driv med aktivitetar som dei trivast med og likar og er opne for forslag til aktivitetar frå medlemmer og andre. Medlemmane tykkjer det er fint å være med i eit lag som rommer mange ulike aktivitetar og mogelegheiter, «det er berre kreativiteten som begrensar oss!» Dei tykkjer det er viktig å lære videre lokal baketradisjon som til dømes flatbrød og lefser til både vaksne og unge. 

Bygdekvinnelaget er eit lite lag som pr. i dag har sju medlemmar. Nokre av dei er gode på strikking, andre likar best å gå turar eller drive med hagearbeid.

 

Kontakt Solfrid om du har lyst å vere med. 

Bygdekvinnelaget vert veldig glade for nye medlemmar, og kanskje er det akkurat du som har ein god ide som de kan samarbeide om? 

  • Facebook

Kontakt:

Solfrid Birkeland

Tlf: 951 62 504