hyllestad.info logo.png

Hyllestad kommune har ansvar for drift og vedlikehald av kommunale vegar. Dei tilsette på avdelinga skal sikre framkomelegheit, trygg ferdsel og ivareta miljø- og samfunnsinteresser. Dei har ansvar for utbygging, drift og vedlikehald av kommunale bygg/anlegg, som til dømes veger, vassverk og avløp. 

 

I tillegg til dette køyrer dei og ut hjelpemidlar til pleietrengande og gjer vedlikehald og reparasjonar på bilane til heimesjukepleien. 

 

Brøyting av kommunale vegar er sett ut til eksterne entreprenørar, men førespurnadar kring dette skal rettast til kommunen. Kommunen kan og stenge vegar om vær- og føreforhold tilseier at den ikkje bør vere open.

 

Sjølv om dei tilsette har vanleg arbeidstid frå halv åtte til tre, vert det fort mykje arbeid både på kveld og natt. Det er nesten umogeleg å planlegge korleis ei arbeidsveke for DV avdelinga skal verte.

Plutseleg vert det mykje nedbør og snø, så smell det i eit vassverk, eller so får dei ein telefon om ein pasient som skal ha ei seng så her må mange prioriteringar gjerast på kort varsel. 

Vassverka i kommunen krev vaktordning 24 timar i døgnet. I helgene er det Brannvernet som har vakt, elles ligg denne oppgåva til dei tilsette på DV-avdelinga. 

 

Kvar dag er ulik og dei må prioritere arbeidsoppgåvene etter kva som er mest naudsynt. Heldigvis opplever dei at folk har forståing når dei plutseleg må sleppe det dei har for å dra på eit hasteoppdrag. Dei tykkjer det er ein givande jobb og dei får stort sett skryt når dei reiser rundt om i kommunen.

 

Kommunen har eit varslingssystem som heiter Varsling24, det fungerar slik at om det skulle skje ei krise som berører heile kommunen, vil alle innbyggjarane verte varsla på SMS. Skal til dømes ein røyrledning gravast opp, kan alle berørte bebuarar varslast samtidig. Dette er eit veldig bra system som lettar varslingsrutinane og bidreg til at kommunen kan yte personlig service til kvar enkelt.

 

DV-avdelinga ser på seg sjølv som ei servicebedrift. Formann for DV-avdelinga, Kåre Olav Hatlebrekke, gjer alt han kan for å yte best mogleg service. Han seier at telefonen er hans kontor og han prøver så godt han kan å hjelpe der det trengs. 

Han seier vidare at du bør vere ei potet for å jobbe på DV avdelinga. Du må kunne litt om alt, spesielt når det gjeld vassverk og det tekniske. Du må og ha sertifikat for bil og lettlastebil. 

 

Frå 1. mai i år vert dei seks tilsette på DV. Dette er noko dei er særs begeistra for!  Det vert stadig fleire bygg og meir vedlikehald i kommunen, så dei vert ikkje arbeidsledige med det fyrste. Så lenge det bur folk i kommunen så trengst det vatten og avløp, vegar å køyre på og vedlikehald av kommunale bygg. 

DV-avdelinga vil samtidig rose kommunen og politikarane for det vanvittige løftet dei no gjer med asfaltering av kommunale vegar. Det vart gjort mykje i fjor, og det skal gjerast enda meir i år. Dei ser at politikarane har «teke tak» dei siste åra og høyrt på kva DV har sagt. Den nye hallen har og vore heilt fantastisk, og samanlikna med det gamle gymsalbygget er den ein draum å vedlikehalde. Gode vegar, skule, barnehage og fleirbrukshall er ting som skal til for å skape trivsel på bygda. Ting må vere på stell for at kommunen skal bli ein attraktiv kommune å bu i.

 

No gler dei seg til dei skal få nytt styringssystem på alle vassverka i kommunen. Det nye systemet gjer at dei kan ha oversikt og kontrollere det meste frå mobiltelefonen. Dei vil og få alarm på kva vassverk dei må reise ut på når alarmen går. Dette sparar dei for mykje kjøyring og arbeid. Dei ventar og på nytt varmesystem på Eiklund. Med dette vil dei kunne kontrollere og overvåke via telefon, noko som vil spare dei for mange utrykningar. 

 

Dei kunne tenkt seg ei vaktordning slik at dei kan rullere på kven som må ut på kveld, natt og i høgtid. I dag jobbar dei ein del utanom vanleg arbeidstid, men arbeidsmiljøet på DV er så bra, og dei har funne seg ei fin ordning som fungerar for dei tilsette, så det går bra. 

Dei stortrivast i jobben, og kvar dag er ein ny og spennande dag der dei aldri veit heilt kva som ventar dei.

Kontakt:

Formann: Kåre Olav Hatlebrekke

Tlf: 913 56 149

E-post: kare.olav.hatlebrekke@hyllestad.kommune.no

 

Sentralbordet: 577 89 500

postmottak@hyllestad.kommune.no

hyllestad.kommune.no