hyllestad.info logo.png
Veterinær Gro Bruteig

Veterinær Gro Bruteig 

Tlf :91314116

E-post: gro.bruteig@enivest.net

 

Vaktnummer/døgnvakt: 577 89 557

Gro Bruteig kom til Hyllestad i 1988.

Her kan du lese hennar historie:

Eg er sunnmøring og butikkdatter og det einaste eg ønska meg då eg vaks opp var ein hund. Eg var 12-13 år og hadde bestemt meg for å bli dyrlege. Foreldra mine var eigentleg ikkje så interessert i å skaffe seg hund, men som mor mi sa:» tenk om ho blir dyrlege og ikkje har fått seg hund ein gong…». Eg fekk meg hund og eg vart dyrlege.

Det var tilfeldig at eg hamna i Hyllestad då eg skulle ha 3 månader praktikum før siste eksamenstid. Dette var i mars i 1988. Eg synest det var fantastisk å jobbe som dyrlege her i Ytre Sogn veterinærdistrikt som bestod av Hyllestad og Solund kommunar. Etter endt studie ved Ludwig-Maximilians-Universität-München forsette eg å jobbe her som kommuneveterinær.

 

Sidan vart eg distriktsveterinær i 1993, og så vart det Mattilsynet i 2004, begge i kombinasjon med privatpraksis. Men eg er ingen byråkrat, liker ikkje så godt å sitte på kontor heile dagane  eller reise rundt og kontrollere bøndene. Eg slutta i det offentlige veterinærvesenet i 2007 og fortsette med å køyre praksis på heiltid. 

Eg er først og fremst produksjonsdyrveterinær , og jobber då mest med storfe, småfe, gris og hest, men det har blitt meir og meir kjæledyr i praksisen. Arbeidet består av mykje rutinearbeid som inseminering, drektighetsundersøkelse, vaksinering og produksjonssjukdommar hos kyr, sau og gris. Arbeid som går automatisk. Men så får ein plutselig ei vanskelig kalving med børslyng eller ei lamming der alt ligg på kryss og tvers. Det kan virke som om dette skjer oftast om natta, og når det er kaldt og ufyseleg ute. Då er det eg av og til lurer på kvifor eg valde dette yrket og ikkje heller ein kontorjobb med arbeidstid mellom kl 8 og 16…. 

Men når kalven eller lamma er ute og alt er bra med mor og barn, då er det verdens finaste jobb og eg har gløymt kor trøytt eg var og kor kaldt det er og eg berre «svevar» heim. Og når telefonen ringer for 3.gong den natta, og ja, eg har vore ute dei 2 forrige gongane den natta også, så er det likevel så fint fordi bøndene er så takknemlege for å få hjelp. Det er ein så god følelse å kunne ordne opp.   

Også på kjæledyrfronten er det mykje rutinearbeid. Det er mykje kastrering, vaksinering, behandling av infeksjoner  og små operasjoner. Eg sender dei gjerne videre til smådyrsklinikk om eg føler det blir for avansert. Det viktigaste for meg er at dyra har det bra. Då er dessverre også avliving eit behandlinsopplegg. Dyra skal ikkje lide, det gjeld både små og store dyr.

Og så er det alle dyreeigarane og bøndene som eg blir så godt kjend med og glad i. På gardane rundt omkring møter eg heile familien av stort og smått og blir kjend med heile livssituasjonen deira. I løpet av desse åra har det blitt mange timar med prating om alt mellom himmel og jord etter at dyret var ferdigbehandla.

Veterinærjobben har vore ein livsstil, det har vore mykje jobbing, dag og natt og det er eit stort vaktområde med Solund som øykommune i tillegg. Eg har tilbrakt mange timar i skyssbåt og ferge ut dit, særleg tidlegare då det var mykje meir dyr der ute.

No har det minka på bøndene, og det har blitt samanslåing av dei 3 kommunane: Hyllestad, Solund og Fjaler til eitt vaktområde. Vi er 3 veterinærer som deler vakta likt og det er ein kjempeforskjell i vaktbelastning med 3-delt i forhold til 2-delt vakt, til det positive. Det er kanskje alderen som gjer at det er godt med mindre vaktbelastning, det følast i alle fall godt med litt meir fri. Då er ein også meir opplagt til kveldsarbeid med kjæledyr og det blir meir tid til familie og fritid. Det har vore travelt når ein sjølv har 4 barn, men eg kunne ikkje ha ønska det annaleis.