hyllestad.info logo.png

Svein Åge Eikelid vart utdanna tømrar i 1997. Etter det jobba han i eit lokalt tømrarfirma. Etter å ha jobba som tilsett hos nokon i lang tid, kjente han på at han ville ha meir kontroll og bestemme sjølv. I 2005 fekk han moglegheit til å starte opp Sogn Bygg AS i lag med tre andre. Dette gav han eit springbrett vidare til å starte opp heilt for seg sjølv.

I 2006 stifta han Tømrar Eikelid. I byrjinga fekk han seg nokre oppdrag i Bergen og han var difor mykje der å jobba. Men rykta gjekk på bygda og etterkvart fekk han kundar i Hyllestad og i nabokommunane. Sidan har det aldri vore nødvendig å reise inn att til Bergen for å jobbe.

Svein Åge likar å ha direkte kontakt med kunden slik at kunden får det slik dei ønskjer. Han har spesialisert seg på bad og har tatt kurs i både våtrom og fliselegging. På denne måten reduserer han fleire mellomledd, noko som gjer at han får meir kontroll på arbeidet som vert utført. I tillegg slepp han å vente på underleverandørar og tilpasse tid. Det blir meir effektivt.

I 2018 fekk Tømrar Eikelid sin første lærling. Kjartan Solheim kjente far til Svein Åge godt, og hadde fått vore med han på diverse byggeprosjekt på fritida. På denne måten vart han og kjend med Svein Åge, og fekk etterkvart moglegheit til å vere med han litt i helgar. Svein Åge såg fort at Kjartan var ein grepa kar med stort potensiale innan byggfaget, og då Kjartan trong lærlingplass var Svein Åge rask med å seie ja. For Svein Åge er det viktig at dei som jobbar med han er flinke og sjølvgåande.

Svein Åge ville starte for seg sjølv fordi han var – som han seier sjølv – «ein einstøing» og likte å jobbe åleine, men etter at Kjartan har begynt å jobbe med han tenkjer han det blir rart om han skal bli åleine igjen. Han ønskjer difor å tilsette Kjartan etter han har tatt fagbrevet. Kjartan er godt fornøgd med å jobbe saman med Svein Åge og seier han har lært mykje.

Tømrar Eikelid tar på seg både nybygg, rehabilitering og tilbygg. Dei kan eigentleg ta på seg det meste innan tømrararbeid. Er det større byggeprosjekter, leiger dei seg ut. Ryland Bygg er flink å skaffe oppdrag og å bruke lokale firma i utføringa. Svein Åge tykkjer det er sosialt og lærerikt å jobbe på større prosjekt saman med andre.

Tømrar Eikelid vil gjerne jobbe meir med bad. Han likar og spesielle prosjekt for kundar med spesielle ønsker. Då teiknar han forslag til kundane og hjelper kunden med materialval osv. Det meste må ofte planleggast før eit prosjekt kan startast, også med tanke på andre fag og utstyr som skal brukast. 


Farsund Bygg er den faste leverandøren når det gjeld kjøkken og bad. Men til all vanleg trelast brukar han Knut Wolff AS. Svein Åge seier det er viktig å samarbeide og å handle lokalt.
 

For Svein Åge betyr kvalitet mykje, og han får ikkje sove om han ikkje er sikker på at jobben er gjort skikkeleg.

Tømrar Eikelid får stadig gode tilbakemeldingar frå fornøgde kundar. Det er kjekt når folk sender bilete etter at dei har flytta inn. Han får ofte oppdrag der folk referer til tidlegare jobbar han har gjort. No nyleg hadde han ein jobb i Høyanger der naboen til kunden ringte og ville ha akkurat det same.
Og det er stort sett slik Svein skaffar oppdrag. Det er jungeltelegrafen og folk som blir inspirert av tidlegere jobbar han har gjort.

Heilt sidan Svein var tidleg i 20-åra har han drive med sagbruk. Han samarbeider ofte med Audun Oppedal, og leverer materiell til bygg i gamal byggestil. Han har mellom anna levert til Kystmuseet og til Kvernsteinsparken i Hyllestad.

Sagbruk tok mykje av tida til Svein Åge då han var yngre og tenkjer at det kanskje var grunnen til at meisterpapiret ikkje vart tatt. Det står på gjerelista for framtida, men han må vente til ungane har blitt litt større.

Tømrar Eikelid har mange utviklingsidear på kva dei ønskjer å få til framover. Nett no er det veldig mange oppdrag og jobbar, og dei må han prioritere først. Men han veit at han vil forbetre facebook sida si og kanskje få på plass ei heimeside. Han får ta ting litt etter litt. Det viktigaste er å gjere ein god jobb for kundane.

Tømrar Eikelid

6953 Leirvik i Sogn

 

Tlf: 909 44 316

E-post: svein.eikelid@enivest.net

 

  • Facebook

Hyllestad.info er utvikla av Hyllestad kommune | Send epost  | Ring 57 78 95 00

  • Facebook - Hvit Circle
  • Instagram - Hvit Circle

Følg, lik og del!  #hyllestadinfo