top of page
hyllestad.info logo.png

Erna tok frisørutdanninga si i Høyanger og læretida si i Bergen. Då læretida var over i 1989, flytta ho heim til Hyllestad og begynte å jobbe i frisørsalongen som var på Leirvik Senter. Etter nokre år ville ho starte for seg sjølv, så i 1992 starta ho si eiga salong i det gamle pensjonatet like ved. I 1999 tilsette ho Hanne. Då dukka det samstundes opp eit ledig lokale i andre etasje på Leirvik Senter. Ernas Frisørstove flytta inn på Leirvik Senter, og der har dei vore sidan. 

I 2014 flytta dei salongen ned slik at alle butikkane vart samla nede. Maries Fotklinikk har eige lokale tilknytt salongen. Her kan ein få booke seg ein «spa-dag» slik at ein kan få massasje, stelt føtene og håret på same dag.


Hos Erna og Hanne kan du få gjort alt innan klipp, farge og oppsett. Du kan og få fiksa bryn og vippe, samt voksing av ansiktet. Dei går stadig på kurs for å halde seg oppdatert i faget og dei samarbeider ofte med Reset Frisør slik at dei kan få kurshaldarane til Hyllestad. Dei synest det er kjekt å samarbeide med andre frisørar og ein lærer mykje meir av det.

Hos Ernas Frisørstove er det og eit stort produktutval. Hovudleverandøren er Cutrin. Dei har lager og kontor i Bergen, noke som gjer at dei kan levere varer dagen etter at ein har bestilt. Det er ein fordel for Erna. Men det er ikkje berre difor ho har valt Cutrin. Erna sel berre hårprodukt ho sjølv vil bruke og anbefale vidare til kundane sine. Gjennom Cutrin får ein god opplæring og kurs slik at frisørane kan bli enda flinkare i faget sitt.


I tillegg til hårprodukt kan ein og få kjøpt seg mineralsminke, varmeverktøy, smykke, øredobbar og hårpynt. Hos Erna og Hanne kan du og få sminka deg om du ynskjer det. Dei har begge ein brennande interesse for faget og dei tykkjer det er kjekt å klippe folk i alle aldrar. Dei har mange faste kundar, ikkje berre frå Hyllestad, men og frå Lavik, Solund og Fjaler.

Erna tek gjerne inn andre produkt om det er fleire som ynskjer seg det. Akkurat no jobbar ho med å få inn produkt innan hudpleie. Ho elskar faget sitt og ser lyst på framtida. Men ho oppmodar samstundes folk til å handle lokalt. Når ein kjøper eit produkt hos frisøren så får ein masse meir enn berre produktet. Ein får kunnskap, informasjon og råd i forhold til kva hårtype og hodebunn ein har. 

IMG_6276.jpg
  • Facebook

Erna er stadig på utkikk etter samarbeidspartnarar innan velvære,

til dømes negler. Ta gjerne kontakt!

78318590_2693544104025048_73337749155495
bottom of page