top of page
hyllestad.info logo.png

Fred Åge Hyllestad hadde jobba som bilmekanikar i veldig mange år og var begynt å bli lei av jobbpendling til og frå Førde.På den tida var det eit omstillingsprosjekt i Hyllestad der dei tok kontakt med folk for å høyre om dei ville starte for seg sjølv. Dei kontakta Fred Åge og høyrde om dei skulle gjere ein marknadsundersøking for å sjå kva behov som fantes i kommunen. Det ville han veldig gjerne vere med på. I undersøkinga kom det fram at det var eit behov for reparasjon av nærliggande båtar, då spesielt frå oppdrettsnæringa.

Året var 2016 då han tok sjansen og sa opp jobben i Førde. Han fekk leige ein hall på Sørbøvåg og fekk nokre reparasjonsjobbar på bil slik at han fekk dekka utgiftene. Men det tok berre nokre veker før han tenkte at om han verkeleg skulle satse, så måtte han kjøpe heile bygget. Saman med Tore Bråstad, som er ein god sparringspartnar for Fred Åge, kjøpte dei bygget og etablerte Freto Eigedom AS. Tore hadde lang erfaring med næring og utvikling, og det følast trygt å gjere denne investeringa i lag med han.

Fred Åge har alltid hatt ei interesse for båtar og sjarkar og han hadde lyst å jobbe meir med det. Bil hadde han jobba med i så mange år at no var han var klar for nye utfordringar. Han starta med å kontakte fiskeoppdrettarar for å fortelle om bakgrunnen sin og kva han kunne tilby. Sakte, men sikkert, balla det på seg med oppdrag. Han reiste rundt til dei ulike lokalitetane og jobba mobilt, men såg at det var eit stort behov for større fartøy å kunne komme opp på land og inn i hallen på Sørbøvåg. Han trong med andre ord ein slipp.

Å få bygge opp ein slipp var ikkje berre enkelt. Spørsmål som kor stor den skulle vere og kva kapasitet den skulle ta, kom opp. Han bestemte seg for å gå «all in» og gjere den størst og lengst mogleg. No har han ein slipp som kan ta opptil 200 tonn. Mange var skeptisk og sa det ikkje ville bli verken realistisk eller lønnsamt. Det viste seg at dei tok feil. Slippen stod ferdig i 2018 og etter det auka arbeidsmengda betrakteleg.

No kunne ikkje Fred-Åge lenger vere einaste tilsette i Finio. Med seg på laget fekk han Kurt Per Hatlem. Kurt hadde lang fartstid frå oppdrettsnæringa der han var driftsleiar for Firda Seafood Group. Kurt var den rette mannen for Finio. Han hadde eit stort nettverk i oppdrettsnæringa og vart fort ein nøkkelperson.

 

I tillegg er Marko Vujicic blitt tilsett. Det var nokså tilfeldig.

Fred-Åge vart tipsa om ein flittig arbeidskar som kunne vere av interesse, og no er Marko blitt ein veldig viktig mann for Finio og tar seg av alt av maling og sprøyting.

 

I periodar med mykje aktivitet er Finio so heldig å få leigt inn arbeidskraft hos Andreas Mjell Hofsvik (som tidlegare var tilsett hos Finio, men som no er på skule i Bergen) og Vegar Bygstad. To dyktige og arbeidsomme ungdommar som Fred-Åge set stor pris på. 


I dag har Finio spissa kompetansen sin mot båtar og fartøy. Finio kan utføre reparasjonar og ombygging, vedlikehald, overflatebehandling, sveising, godkjenning og klassing av båt, samt elektroarbeid og innreiing. I tillegg er dei forhandlar og samarbeidspartnar med Frydenbø. Finio prøver å dra nytte av ressursane som finnast i kommunen og leiger inn relevante firma til ulike oppgåver, slik som til dømes hydraulikk og elektro.

IMG_6493.jpg

Vegar, Marko, Fred-Åge og Kurt Per

Fram til no er det godt utført arbeid og jungeltelegrafen som har gitt dei fleire oppdrag og kundar.


Fred Åge seier at nøgde kundar er det aller viktigaste. Han har lyst til å få meir tid til å reise ut på anlegga for vidare oppfølging og kontakt. Han tenker at Finio må få sin eigen servicebåt slik at dei får moglegheit til dette. Det er viktig å vere oppdatert på det som skjer.

Fred Åge er overtydd om at det vil bli mogleg å satse meir og gje enda meir gass. Men då vil han ha fleire med på laget. Han er open for samarbeidspartnarar og seier han ikkje er framand for å få fleire med på eigarsida. Han tykkjer det hadde vore kjekt om fleire i same bransje etablerte seg i hallen slik at dei saman kan bli eir servicesenter for havbruksnæringa.

Fred Åge har mange idear, men er fortsatt usikker på kva han vil satse på. I første omgang skal han få lagd ein ny port på hallen slik at han kan ta inn større og enda høgare båtar. I tillegg har han veldig lyst å få til ein molo. Det trengst verkeleg. Men for å få det til må han ha stein - i bøttevis.

Finio er og open for å ta inn lærling i motormekanikk eller industrimekanikk. For Fred Åge er det viktig at dei som jobbar der har fagkompetansen som trengast og at dei er sjølvdrivne.

Framtida er lys og moglegheitene er mange for Finio. No er det opp til sjefen sjølv å finne ut kva veg han ynskjer å gå.

Kontakt:

Tlf: 970 40 815 

E-post: post@finio.no

finio.no

 

  • Facebook
bottom of page