Fjordklang vart stifta i 1991 og har fast øving kvar måndag
kl. 19.00-21.00 på musikkrommet i Hyllestadhallen.
Dei har stemme- og fellesøving under leiing av dirigent Hanne Heia Dypvik, og syng både nye og gamle songar, alt frå moderne musikk til salmar.
Fjordklang deltek på ulike arrangement i løpet av året og må difor øve kvar veke. Fjordklang syng på konsertar i distriktet, i kyrkjer, på aldersheimar, deltek på songarstemne og opptrer på 17.mai. Dei samarbeider og med andre kor, til dømes i Dale, og vert årleg invitert til kulturarrangement på Løa i Dale.
Det er veldig hyggjeleg og sosialt å vere ein del av eit kor, og godt samarbeid og god samklang er nøkkelen for å lukkast.
Alle har det same målet å jobbe mot, og ein må lære seg å vere flinke til å lytte til dei andre. Sang og musikk er godt for helsa, og det er ein aktivitet som gjev livsglede. Øving med Fjordklang er og eit fint høve til å bli betre kjend med folk frå ulike deler av kommunen.
Fjordklang er eit blanda- kor med eit allsidig repertoar. I dag har dei 12 medlemmar og ynskjer fleire velkommen! Det er inga stemmeprøve eller opptaksprøve, og alle med interesse for song er hjarteleg velkomne til å verte med. Ein får god rettleiing og hjelp frå dirigenten, som også lagar lydfiler til kvar stemme-gruppe (sopran, alt, bass og tenor) slik at ein kan øve litt heime.

Då er det kjekt å kome på øving, finne tonane sine og høyre at det kling fint saman!
For å verte medlem kan ein møte opp på korøving på måndagar eller ta kontakt via e-post, telefon eller facebook.
Leiar: Bente Stølen Torvund
Mobil: 918 73294
E-post: bente.stolen.torvund@ enivest.net
fjordklang.weebly.com