top of page
hyllestad.info logo.png
Fjordfin frisør_edited.jpg

Etter at Erna, av helsemessige årsakar, valde å trappe ned i frisøryrket, og etter kvart avvikle Ernas Frisørstove, stod Hanne Haukøy Bosdal med valet om å fortsetje åleine eller ei.

Hanne tenkte seg godt om, og heldigvis for Hyllestad og alle dei trufaste kundane, valde ho å fortsetje.

Etter å ha bestemt seg for å satse vidare åleine, hadde ho lyst å sette sitt preg på salongen. Lokala er dei same, men ho har mala og endra på inventar og utforming etter overtakinga. Både ektemann og born har vore i sving under re-design av salongen. Døtre som interiørkonsulentar og ektemann som "handyman".

12.januar 2023 opna ho Fjordfin Frisør, som ein naturleg arvtakar etter Erna Frisørstove. Underteikna besøker sjeldan frisørsalongar av naturlege årsaker, men må sei at eg tykkjer det ser veldig snasent ut. Frå den flotte Fjordfin-logoen på døra, til fargar og interiør.

Hanne som er fødd og oppvaksen i Hyllestad, tok etter 2 år med handel og kontor, frisørutdanninga si i Høyanger. Ho jobba etter dette omlag 5 år som frisør i Bergen, der ho og hadde læretida si. Kjærleiken førte ho til Lavik, og her vart det pendling til jobb i frisørsalongen "På Håret" i Dale. I 1999 vart ho tilsett i Ernas Frisørstove, og har vore her sidan.

Hjå Fjordfin får du gjort alt innan klypp, farge, glatting, permanent og oppsett, og du finn alltid eit rikt utval av hår og pleieprodukt her. Om du vil fikse bryn og vipper, kan du også gjere det her.

Fjordfin Frisør vil alltid ha kunden i fokus, og Hanne vil fortsetje å selge dei gode tenestene og produkta som ho har tilbydd kundane sine tidlegare, pluss at ho har teke inn nye varer. I tilegg til hårprodukt kan ein få kjøpt seg mineralsminke, varmeverktøy, smykke, øyredobbar og hårpynt.

Som frisør vil ho alltid stå inne for produkta ho sel. Når ein kjøper eit produkt hjå frisøren, får ein mykje meir enn berre produktet. Ein får kunnskap, informasjon og tilpassa råd i samband med hårtype og hovudbunn ein har. Dette er betryggande for kundane, og Hanne har fokus på at prisane hennar skal vere konkurransedyktige.

Kundane til Fjordfin er hovudsakleg frå Hyllestad, Lavik, Solund og Fjaler, og alle aldrar er representert. Hanne tilbyr både dame- og herreklypp. For å halde seg oppdatert på motar og trender, og kva produkt som er i vinden, reiser ho mellom anna på kurs og seminar. Der treff ho mange kollegaer som ho kan utveksle tips og råd med, og hente inspirasjon. 

Fjordfin Frisør

Tlf: 577 88 151

E-post: hanne@fjordfin.no

Bestill time: ledigtime.no/fjordfin

 

Fjordfin-logo.jpg
  • Facebook
bottom of page