hyllestad.info logo.png

Kontakt:

Leiar Brit Inger Skaar

Tlf: 941 94 307

E-post: bi-skaar@online.no

folkeakademiet.no

0-folkeakademiet_hyllestad_edited.png
  • Facebook

Folkeakademiet Hyllestad (heretter kalla FH) vart skipa i 1968 på initiativ av Per Bygnes. FH er ein kulturorganisasjon basert på frivillegheit og lokale eldsjeler. Det er ein formidlings- og arrangørorganisasjon innan kultur, kunnskap og folkeopplysning.

 

Målet til Folkeakademiet nasjonalt har alltid vore det same: Å skape kultur som førebyggjer forskjellar i samfunnet og legge grunnlaget for ei betre framtid.

 

FH er opptekne av historia til Hyllestad. Kva gjorde vi før - og kva gjer vi no. Dei tilbyr kurs innanfor livsutfolding, mat, hobby, fritidsaktivitetar, handarbeid, kunst og handtverk.

 

FH jobbar for å formidle kultur i nærmiljøet. Det er viktig for dei at kunnskapen om kulturen når ut til alle. Dei har stort fokus på mangfald, demokrati og klima, og dei ønskjer å skape gode kulturopplevingar for born, unge, vaksne og eldre. For å få til dette samarbeidar dei med andre organisasjonar og institusjonar. No har FH flytta inn i Prestebustaden i Hyllestad saman med Kvernsteinsenteret, Sogelaget og kunstnar Frode Holst. Saman kan dei formidle Hyllestad sin kultur gjennom historie, bilete, handtverk og kunst.

 

Sit du inne med ein idé som du meiner Hyllestad vil ha nytte av, kan du kontakte FH. Om du ønskjer å arrangere kurs, kan du få støtte frå FH. Dei har tidlegare hatt kurs i mellom anna bunadsøm, data, musikk, kunst og matlaging.

 

Eldsjelene og medlemmane i FH jobbar alle frivillig og gjer det fordi dei ønskjer å skape gode kulturopplevingar for born, unge, vaksne og eldre. På grunn av korona har arrangement og kurs vorte sett litt på vent. 

Elles oppmodar leiar Brit Inger Skaar, folk til å følgje med på Facebooksida til FH der ein kan følgje med på kva kurs og arrangement dei tilbyr. For dei som ikkje brukar internett heng dei og opp plakatar i butikkane og på offentlege plassar. Alle som er medlemmar får og informasjon på SMS.

Som medlem i FH får ein redusert pris på kurs og arrangement. Om du ønskjer å bli medlem kan du kontakte leiar Brit Inger Skaar, eller gå inn på nettsida til Folkeakademiet for meir informasjon.

Dei treng fleire folk som ønskjer å jobbe frivilleg og som er interessert i å lære meir om kulturen i Hyllestad. Dei oppmodar spesielt unge til å komme med innspel til kva dei vil lære, høyre og vete meir om. Alle er velkomne til å verte medlem og delta på FH sine arrangement.