hyllestad.info logo.png
FOR DEG-logo svart bakgrunn.png
  • Facebook
  • Instagram

Ingrid gjekk frisørlinja i Høyanger og tok deretter læretida si hos Ramsvik i Bergen. Etter læretida var ho i Haugesund i 9 månader der ho tok allmennfagleg påbygging som privatist samstundes som ho jobba deltid på Haugesund si mest etablerte frisørsalong. Men avstanden frå Haugesund til Hyllestad blei for stor, og ho flytta tilbake til Bergen igjen. Her fekk ho tilbod om fast stilling hos Ramsvik, og etter eitt år blei ho opplæringsansvarleg. Då hadde Ingrid ansvar for 30 lærlingar kvart år. 

 

Ingrid skapte gode relasjonar til kundane og til lærlingane sine. Ingenting var betre enn å få kundane til å føle seg vel og å gi elevane meistringsfølelse. Men etter 12 år i Bergen flytta ho og mannen heim. Dei ville bygge hus og etablere seg i Lifjorden. Og Ingrid fekk jobb hos Ernas Frisørstove i Leirvik. 

 

To år seinare følte ho at ho var komen til eit vegskilje i livet. Ho kjente på ein lyst til å skape noko sjølv, og valde difor å seie opp jobben utan å heilt vite kva ho skulle gjere. I Hyllestad var det på dette tidspunkt allereie tre salongar, og ho såg ikkje grunnlag for å starte ein fjerde. Men midt i tankeprosessen ringte plutseleg Laila, som dreiv Frisørloftet på Hyllestad. Ho hadde bestemt seg for å slutte, og lurte på om Ingrid var interessert å overta lokala.

 

Ingrid måtte gå nokre rundar meg seg sjølv, men innsåg fort at ho ikkje kunne la ein slik moglegheit gå forbi. 

 

Namnet på salongen var ein sjølvfølge for Ingrid. Ho visste at om ho ein gang skulle starte frisørsalong, så skulle den heite For Deg. Som frisør er ein ikkje berre opptatt av hår, ein er også opptatt av menneska. 

 

Og når ho først skulle satse, så skulle ho gjere det skikkeleg. Salongen har gjennomgått ein totalforandring. Ho har malt, endra veggene, laga skyvedør og fått inn ny innreiing. Hyllene har ho designa sjølv, og fått tømrar Lars Espeland til å lage dei for ho. Ingrid har tenkt på den minste detalj og innreia etter korleis ho vil at kunden skal føle seg. 

 

Kevin Murphy er hovudleverandøren til For Deg. Ingrid jobba masse med dei i Bergen, og det er eit produkt ho har god kjennskap til. For ho er det viktig å bruke produkt ho er trygg på og som ho veit er gode. Ein annan viktig ting med Kevin Murphy er at dei er miljøvennlege. Emballasjen er resirkulerbar og biologisk nedbrytbar. Produkta inneheld kun naturlege ingrediensar som er bærekraftige og fornybare, og som ikkje er til skade for miljøet. 

 

Ingrid har også ammoniakkfrie farger. Dette er bra for kunden, men også for ho som skal jobbe med det kvar dag. Det passer også bra saman med Baregod Aromaterapi sitt konsept, som ligg i same bygg som For Deg. 

På salongen kan Ingrid gjere det meste innan hår og styling, i tillegg fargar ho bryn og vipper. Ho trivast veldig godt og har vore fullbooka heilt sidan ho opna. Ho tykkjer det er kjekt at folk er så positive til at ho har starta salong på Hyllestad. 

 

Sjølv om ho jobbar sjølvstendig, er det godt å ha ein sparringspartnar og ein form for kollega i Anne Berit på Baregod Aromaterapi. Saman kan dei diskutere produkt og planlegge framtidige arrangement. Britahuset har eit stort potensialet til å bli eit velværesenter, og dei håpar dei kan finne endå ein aktør innan velvære som kunne tenke seg å bli med på laget. Ingrid seier at nokon innan hud- og neglepleie hadde vore supert. 

 

Men for Ingrid si del blir fokus første tida å kome skikkeleg på plass og stabilisere drifta. Etterkvart vil ho investere i ein skjeggstol og fortsette sitt gode samarbeid med Kevin Murphy. Her får ho årleg kurs, råd og rettleiing. Noko som er betryggande når ein driv salong heilt aleine. 

 

Behov og etterspørsel frå kundane vil legge føringar på kva For Deg kjem til å satse på i framtida. Det er så mange spennande moglegheiter for utvikling i velværekonseptet. Tida vil vise kva som skjer vidare på salongen.

Hyllestad.info er utvikla av Hyllestad kommune | Send epost  | Ring 57 78 95 00

  • Facebook - Hvit Circle
  • Instagram - Hvit Circle

Følg, lik og del!  #hyllestadinfo