hyllestad.info logo.png
Freto Eigedom

Fred Åge Hyllestad ville starte for seg sjølv og vart med på eit omstillingsprosjekt i kommunen. Der fann han ut at det var eit behov, og ein etterspurnad etter reparasjon av båtar, då spesielt frå oppdrettsnæringa.

 

Året var 2016 då han tok sjansen og starta bedrifta Finio AS. På same tid vart selskapet Freto Eigedom etablert. For å få bedrifta Finio opp å gå, måtte han ha ein hall. 

Tore Bråstad har lenge vore ein sparringspartner for Fred Åge. Han har lang erfaring frå næring og utvikling og er alltid flink å framsnakke ting. For Fred Åge var det eit stort steg å kjøpe det gamle industiområde på Sørbøvåg heilt aleine. Men då Tore sa han hadde trua på Fred Åge og at han gjerne ville vere med som eigar av industriområdet, kjendest det mykje tryggare for Fred Åge.

 

Slik vart Freto Eigedom til. Freto står for Fre(d) og To(re), der Fred Åge med sine 66 prosent er dagleg leiar og Tore med resterande prosent er styreleiar. 

 

Industriområdet dei kjøpte har tre hallar; to på 500 kvadrat og ein på 300 kvadrat. Desse er no isolert og restaurert slik at det er mogleg å utføre arbeid der utan å verte påverka av Vestlandsværet. I tillegg har dei fått på plass ein slipp som kan ta opptil 200 tonn.

No nyleg har dei fått opp nye portar på hallen slik at dei kan ta inn større og høgre båtar på slippen. Dette var ei stor, men naudsynt investering for selskapet. Den neste investeringa dei ønskjer å få på plass er ein molo. Dei har og eit ønskje om å legge ut flytebrygger. 

I dag leiger Freto Eigedom ut lokale til Reset Frisør og LH Mek. Eine hallen blir brukt som båthotell, men Fred Åge er usikker på om han ønskjer å fortsette med det. Han treng plassen sjølv til lagring og utvikling.

 

I tillegg ser han føre seg å leige ut til bedrifter som jobbar innan havbruk. Lokala og beliggenheita til Freto Eigedom er ideell for maritime bedrifter og med molo og flytebrygge trur Fred Åge at det vil bli endå meir attraktivt for potensielle samarbeidspartnarar. 

Kontaktinformasjon:

Dagleg leiar Fred Åge Hyllestad

Tlf: 970 40 815 

E-post: post@finio.no