


Frisklivssentralen er ei helsefremjande og førebyggjande kommunal helseteneste. Frisklivssentralen kan hjelpe deg å setje konkrete mål, finne fram til aktivitetar og tilbod som passar for deg, og støtte deg i å gjennomføre det du har planlagt.
I Hyllestad tilbyr dei «Aktiv på dagtid». Fram til kommunen har funne ny fysioterapeut er det i dag ergoterapeut, Jim-Roar Wolff, som er kontaktperson. Han seier at dette er eit lavterskeltilbod for alle som ønskjer å komme i gang med fysisk aktivitet. Alle vil få individuell rettleiing, og treninga vert lagt opp slik at alle kan delta, uansett fysisk form og funksjon. Her er det aktivitetsglede og sosialt felleskap som vert lagt vekt på.
Jim-Roar vil hjelpe deg å finne den aktiviteten som passar best for deg, og som du kan fortsetje med på eigahand om du ønskjer. For nokon er dette ein fin måte å verte kjend med dei ulike treningsapparata før ein betalar medlemskap på treningsrommet i hallen. For andre er det ein fin måte å halde seg aktiv utan å forplikte seg til noko. Du kan komme og gå akkurat når det passar deg, og du betaler kun for dei timane du deltek i treninga. Det kostar 35 kronar pr. gong å vere med, og dei har trening kvar tysdag og torsdag frå klokka 13-15 i treningsrommet i Hyllestadhallen.
No under korona har dei måtte begrense antal påmelde. Du må difor kontakte Jim-Roar på førehand slik at han veit kor mange som kjem. Vert det meir enn fem personar må han dele opp treninga i grupper. Før korona var det berre til å møte opp, og dei var ofte godt over 15 personar på treningane.
Jim-Roar føler likevel at det er mange som ikkje veit om tilbodet, eller som ikkje tør å møte opp.
«Dette er for alle, uansett fysisk form! Her vil du få den hjelpa du treng!»
I jobben som ergoterapeut er han mykje på heimebesøk i kommunen. Han informerar alltid om dette tilbodet då han tykkjer det er ein utruleg bra måte å få prøvd seg i treningsrommet på, utan å måtte betale fast medlemskap.
Fysisk aktivitet fremjar helse. Det gjev overskot og kan medverke til førebygging, og behandling av fleire sjukdommar og tilstandar. Jim-Roar tykkjer Hyllestad Frisklivssentral er eit veldig bra tilbod i kommunen. Han ønskjer at dei saman innan helsetenesta kan gjere det endå større, slik at dei også kan tilby hjelp til mellom anna betre kosthold, snus- og røykeslutt, meistring av depresjon og belastningar, søvnvanskar og risikofylt alkoholbruk.
Frisklivssentralen jobbar og med å kartlegge bustad og livssituasjon blant innbyggjarane, og ønskjer å få til eit dagsenter for personar med demens.
Jim-Roar tykkjer Frisklivssentralen og Aktiv på dagtid er veldig kjekt og gjevande å få jobbe med. Å sjå folk meistre nye øvelsar er heilt fantastisk. Dei som er med på treningane er kjekke, og ingen vert sitjande åleine. Her er det ikkje berre gevinstar å hente i form av fysisk aktivitet, men og når det gjeld det sosiale og psykiske.
Dei som er med på treningane er og flinke til å informere sine vener og kjende om tilbodet. Det er alltid kjekt når nye folk tek kontakt med Jim-Roar for å sei at dei ønskjer å vere med.
Om du har lyst å vere med, eller vil vete meir om tilbodet kan du ta kontakt med Jim-Roar. Treningane er i Hyllestadhallen kvar tysdag og torsdag frå 13-15. Du kan komme og gå akkurat som det passar deg, men Jim-Roar må vete på førehand kor tid du har planar om å komme. Alle er velkomne!