top of page
hyllestad.info logo.png
image1.png

Kontakt:

Frode Holst

Tlf: 920 41 651

E-post: frodeholstdesign@gmail.com

  • Facebook
  • Instagram - svarte sirkelen

Frode Holst har heilt sidan han var ein liten gut hatt interesse for teikning og maling.

Etter å ha tatt fagbrev som linjemontør i 1994, flytta han til Førde for ein kort periode. I denne tida gjekk han arbeidsledig og starta derfor opp att med litt teikning og maling.  Dette førte til at han søkte på Kunstskulen i Bergen, og byrja der i 1995. Sjølv om det var ein nyttig og fin opplevelse, var hovudet hans litt «alle vegar» og han klarte ikkje heilt å finne roen til å gå vidare. Han avslutta difor skulegangen etter eit år og flytta til barndomsbyen Oslo, der han tok siviltenesta si på Lilleaker fritidsklubb. Der fekk han nytte sine kreative evner til å lage plakatar, og det var då han tenkte at grafisk design var ei retning å gå. Han flytta tilbake til Bergen, og byrja å studere grafisk design ved Merkantilt Institutt (no Norges Kreative Høgskule) i 2001.

Etter endt skulegang fekk han eit tips frå rektor om at det var eit reklamebyrå i Bergen (Oktan) som søkte folk. I dette byrået jobba ein tidligare lærar og etter ein prat med han, fekk Frode moglegheit til å jobbe der i eit halvt år som praktikant. For å få ting til å gå rundt jobba han på konsertscena på USF Verftet. Det var ei travel tid, men då det halvåret var over fekk han han tilbod om fast jobb.

Etter å ha jobba nokon år i dette reklamebyrået sa han opp og starta sitt eige selskap. Fleire av kollegene i Oktan hadde slutta og byrja i eit firma som heiter Mediacircus. Gjennom dei fekk han tilbod om å byrje som fast frilanser. Her jobba han med reklame, design og grafikk for TV. Samstundes fekk han tips om at hans tidligare skule trengte nokon til å undervise på grafisk design-linja. Frå 2008 til 2013 kombinerte han difor jobben som frilanser med undervisning, noko han har trivast godt med.

Reklamebransjen var til tider svært hektisk. Det var eit stort press på å levere på bestilling og å selje, noko som ofte resulterte i at han mangla overskot til å drive med kunsten sin.

Etterkvart fekk Frode og sambuar Sissel, som også er frå Hyllestad, born. Dei byrja å tenke på å flytte heim. Frode kontakta skulen i Hyllestad og spurde om dei trengte hjelp, noko dei gjorde. Då dei flytta tilbake til Hyllestad starta han for alvor å male att. Han fekk låne gamleskulen på Hyllestad der han innreia eit lite atelier for å få moglegheit til å utvide hobbyen til noko meir .

 

Samstundes fekk Frode ein del oppdrag frå lokale bedrifter som trong reklame- og designhjelp. Ei av bedriftene var Norsk Kvernsteinsenter. Ei bedrift han fortsatt gjer oppdrag for og som han no er tilsett i 20 prosent stilling som museumspedagog.

Frode har i dag mange ballar i lufta, men uansett kva han gjer er det alltid ein form for kreativitet til stades. Han jobbar fortsatt med grafisk design på oppdrag frå bedrifter, men det er malinga som er lidenskapen hans. Når han har moglegheit so er det maling han driver med. Her får han ein indre ro og timane flyg av stad. Inspirasjonen er det vide øde landskapet, godt blanda med den gode lukta av maling og linolje. 

Saman med Norsk Kvernsteinsenter jobbar han no med eit unikt prosjekt i skulen der elevane skal lære seg korleis det var å leve for tusen år sidan. Dei får prøve hogging i stein, smiing og matlaging. Hovudmålet er at dei skal lære seg å formidle historia vidare, til m.a. andre skuleklassar. Nett no skal Frode og elevane gjere om råmateriale til pigment som dei kan lage oljemaling av.

 

Samtidig får dei lære seg å formidle det vidare i moderne media. Dei skrive blogg og lærer seg korleis dei tek bilete som egnar seg på sosiale media. Eit spanande prosjekt som tar inn både gamle og nye teknikkar.

Frode har nyleg flytta atelieret sitt inn i Prestegarden. Her er han saman med Folkeakademiet, Sogelaget og Norsk Kvernsteinsenter. Dei jobbar alle mot det same; ta vare på Hyllestad si arv og kultur og formidle den vidare. No når dei alle er i same bygg, vil det nok bli mykje samarbeid og felles aktivitet framover. Fleire etterlyser kurs i kunst og maling, og det er godt mogleg at Frode kan tilby kurs gjennom t.d. Folkeakademiet.

Har du lyst å sjå kva Frode jobbar med, er det berre å ta turen innom Prestegarden. Han set pris på besøk og gjerne ein samtale om kunst og design over ein kopp kaffi. Han har jamnleg dagar med ope atelier, men han kjem også til å arrangere utstillingar framover. Den fyrste blir naturleg nok i Prestegarden, kanskje allereie til våren. 

bottom of page