top of page
hyllestad.info logo.png

Hyllestad fysio- og manuellterapi held til i underetasjen på kommunehuset. Der er manuellterapeut/fysioterapeut  Ann Therece Nord og fysioterapeut Kari Einen samlokalisert i lyse og trivelege lokalar. Begge har driftsavtale med kommunen. 

 

Dei kan hjelpe deg med det aller meste innan muskel og skjelettlidingar, som nakke-, rygg- og bekkenplager, skulder-alboge og hand problem, hofte-, kne- og fotlidelsar, samt opptrening etter skader, mm. 

Ein kan kome til dei med eller utan henvisning  frå lege/spesialist. Dei prøver å ha kort ventetid og har eit godt samarbeid den øvrige helsetenesta og andre instansar i kommunen og utanfor kommunen.

Begge terapeutane har lang fartstid. Ann Therece kom som nyutdanna fysioterapeut i 1988, og med unntak av nokre år med vidareutdanning til Manuellterapeut i Oslo, så har ho vore i jobb i Hyllestad. Manuellterapi er ei vidareutdanning innan fysioterapien, og manuellterapeuten kan henvise til røntgen, MR, legespesialist, samt sjukmelde inntil 12 veker.

 

Kari jobba fem år på opptreningssenter i Meråker, før ho kom til Hyllestad, og har brei erfaring derifrå. Ho har planer om å vidareutdanne seg innan lymfeødembehandling, men koronasituasjonen gjer det uvisst kor tid ho får starte opp. 

 

Begge terapeutane er opptatt av å jamnleg oppdatere seg fagleg, og er av den meining at fysioterapitilbodet ut i distriktet skal vere minst like godt som i sentrale strøk. Dei tenkjer heilhet i pasienttilnærminga si, og hjelper pasientane med trening og behandling ut i frå kva situasjon pasienten er i. Til Hyllestad fysio og manuellterapi kjem det pasientar i alle aldrar, frå barn til folk over 90 år, og dette mangfoldet gjer at terapeutane finn jobben sin spennande og interessant. 

fysio hyllestad.jpg

Kontakt:

Manuellterapeut Ann Therese Nord

Tlf: 577 89 547 / 975 34 690

Måndag - fredag

Fysioterapeut Kari Einen

Tlf: 577 89 514 / 995 21 528

Måndag, tysdag, torsdag og fredag

hyllestad.kommune.no/tenester/helse-og-omsorg/fysioterapi/

bottom of page