
Gjenvinningsstasjonen i Staurdalen vart sett i drift i 2006. Den er ein del av Sunnfjord Miljøverk IKS (SUM), som er skipa av kommunane Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Gaular, Førde, Naustdal og Jølster i medhald av lov om interkommunale selskap.
Er du abonnent i ein av SUM-kommunane står du fritt til å bruke den gjenvinningsstasjonen som passar best, sjølv om den ligg i nabo-kommunen. På gjenvinningsstasjonen i Staurdalen treff du Atle Tonning. Han er ansvarleg for drift av stasjonen, og ei av oppgåvene til Atle er å kontrollere avfallet som du leverer. For å gjere dette så effektivt som mogeleg, tykkjer han det er bra om du leverar avfallet i gjennomsiktige sekkar.
Som privatperson og betalande abonnent kan du levere treverk etter eige ombyggingsarbeid utan ekstra betaling. Det same gjeld til dømes klorparafinvindauge, cca-impregnert treverk. Asbest må leverast i Hesjedalen i Førde. Næringsdrivande betalar for per kubikk dei leverar inn.
Næringsdrivande skal registrere seg i Avfallsdeklarering.no for å kunne levere farleg avfall på miljøstasjonen. Dette er ein fordel for næringsdrivande då dei på denne måten kan dokumentere at dei leverar farleg avfall på godkjendt mottak ved eventuelt tilsyn.
Du kan levere avfall i Staurdalen kvar onsdag mellom kl. 12 og 18. Du treng ikkje å melde frå på førehand, men om du til dømes har mykje stål kan det vere lurt å ringe før du kjem.
Gjennvinningsstasjonen i Staurdalen har mange besøkande og avfallsmengda aukar for kvart år. Dei har eit sterkt ynskje om å få utvide stasjonen med tre til fire containarar til. Dette for å utnytte fyllingskrava, men og for å spare miljøet med mindre køyring av last. Dei er i dialog med Sunnfjord Miljøverk om utviding av miljøstasjonen når ein frå før er i gong med å utvide næringsarealet i Staurdalen.
I tilknyting til gjenvinningsstasjonen i Staurdalen finn du Bruktbua. Hyllestad er einaste kommune i SUM som har dette tilbodet. Bruktbua var opprinnleg bygd som ein Grimstad-garasje, men Atle og Kjell Eide (noverande ordførar) hadde fleire planar for bua. Dei ville at dette skulle verte ein møteplass og ein plass der folk kunne få kjøpe - og levere, brukte ting. Så nokre år etter at gjenvinningsstasjonen var sett i drift, fekk Atle og Kjell bygd om garasjen og opna Bruktbua.
På Bruktbua treff du Siv Fristad. Her kan du få kjøpt deg kaffi, muffins og lefse. Vanlegvis sel dei vafler, noko som er veldig populært for alle som er innom gjenbruksstasjonen på onsdagane. Men grunna korona får dei ikkje servere nysteikte vafler då dei ikkje har vask tilgjengeleg.
Då Siv skulle byrje å jobbe på Bruktbua var det veldig viktig for ho at det skulle vere ein møteplass for alle. Det skal og vere eit aktivitetstilbod til dei som ønskjer å jobbe med noko på fritida si. Før hadde dei mange frivillige, både på gjenvinningsstasjonen og på Bruktbua, som hjalp til. Dei hadde tette band med aktivitetssenteret som tilbaud ulike aktivitetar for alle som ønskja det i kommunen. Men når korona kom stengde dei ned all aktivitet, og sidan har dei ikkje hatt frivillige innom. No håpar dei at fleire vil komme tilbake, for det var utruleg kjekt når dei var mange som jobba i Staurdalen.
Bruktbua er veldig populær og det er mange faste som er innom kvar onsdag. Mange har faste plassar i Bua og det er veldig sosialt. Folk kjem ens ærend, nokre gonger langvegs frå, berre for å vere på Bruktbua. Her kan du få kjøpt bøker, koppar og kar, kjøkkenutstyr, leikar og sesongvarer. Det varierar veldig kva som kjem inn, og ofte forsvinn det same dag. Nokre spøkefulle kallar det for shoppingsenteret i Hyllestad.
Men det er ein ting Siv seier dei skulle hatt meir av og det er handarbeid, som til dømes dukar. Ho ønskjer å ta vare på kulturen og ho er heilt sikker på at andre vil ha interesse av det same. Dei tek i mot nesten alt, bortsett frå elektronikk. Det har dei ikkje lov til å selge vidare. Så om du vil bli kvitt noko som du trur andre kan ha bruk for, oppfordrar ho til å ta det med til Staurdalen i staden for å kaste det i søpla.
Atle spør alltid folk som kjem på gjenvinningsstasjonen om dei har noko som kan leverast til Bruktbua. Men stort sett har folk allereie sortert det dei ønskjer skal gå til gjenbruk. Folk har vorte mykje flinkare til å sortere avfall, noko som gjer jobben til Atle lettare.
Dei håpar å få tilbake frivillige som vil jobbe saman med dei. Det er eit godt aktivitetstilbod og det er veldig sosialt. Bruktbua har og eit sterkt ynskje om å få utvide, og kunne tenkt seg eit servicebygg med toalett og kjøkken. Med større plass har dei mogelegheit til å ta inn enda meir gjenbruksvarer, spesielt sko og klede. Med innlagt vatn hadde dei og fått lov til å servere vaflar i koronatida - og det er verkeleg noko dei besøkjande saknar!

Bruktbua
Kontaktinformasjon:
Driftsoperatør Atle Tonning.
E-post: Atle.Tonning@hyllestad.kommune.no
Tlf: 975 30 458