hyllestad.info logo.png

Gry Hege & Frank

Gry Hege Elnes (f. 1984) og Frank Robert Kristiansen (f. 1980) bur saman med sine tre born Leander (f. 2013), Oliver (f. 2015) og Vegard (f. 2019) på Nes på Løland i Hyllestad. 

 

Paret traff kvarandre då Gry Hege gjekk lærlingtida si som motormann på supplybåten Island Challanger. Her jobba nemleg Frank som maskinist.

Då Gry Hege var ferdig med lærlingtida si byrja ho på fagskulen i Måløy, og med på flyttelasset var Frank. Her var dei i to år før dei bestemte seg for å flytte heim til Hyllestad, der Gry Hege er fødd og oppvaksen. 

 

Frank kjem frå Kristiansund og hadde aldri høyrt om Hyllestad før han traff Gry Hege. Men han fann fort ut at Hyllestad var ein fin plass, og begge var einige om at dei ikkje ville bu i ein by. Då dei fekk tilbod om tomt frå foreldra til Gry Hege var dei ikkje i tvil om kvar dei ville flytte. Dette valet har ingen av dei angra på.

 

Garden dei bur på var det oldemora til Gry Hege som kjøpte ein gang i tida, og morfaren er oppvaksen her. Men på 60-talet flytta oldemora til Bergen og familien brukte plassen kun som feriestad. Foreldra til Gry Hege bygde seg hus i Rysjedalsvika og kjøpte gardsbruket frå oldemora i 2007 for å bevare det i familien. 

 

Gry Hege har heile tida visst at ho ville flytte heim. Det var alltid så godt å komme til heimbygda si, og Hyllestad har heile tida hatt ein stor plass i hjartet hennar. 

 

Då dei flytta til Hyllestad leigde dei ei leilighet i Hola i Leirvik medan dei venta på at huset på Nes vart klart. Gry Hege hadde fått seg jobb som lettmatros/motormann i Fjord1 og Frank jobba i Nordsjøen. Gry Hege byrja å jobbe i Balestrand på sommarruta og fekk i august 2010 tilbod om vikarstilling som lettmatros / motormann på ferja mellom Lavik og Oppedal. Det var midt i blinken for Gry Hege, der har ho no jobba i 11 år, og stortrivast. 

 

Etter at dei fekk born kjende Frank på følelsen av å gå glipp av mykje av oppveksten deira, og bestemte seg difor for å slutte i Nordsjøen i 2015. På same tid kom den nye el-ferja i Lavik og dei hadde bruk for maskinist. Den jobben fekk Frank, så no jobbar dei begge på Mf Ampere for Norled og trivast godt med det.

Dei har det fint i Hyllestad og manglar ikkje noko. Dei bur midt i smørauget, mellom Hyllestad sentrum, jobben i Lavik og foreldra til Gry Hege. På Nes er det stille og fredeleg. Naboane er kjekke og det er ein trygg plass for borna å vekse opp. Dei er fornøgd med både barnehagen og skulen, og tykkjer hallen er heilt fantastisk. 

 

Då Gry Hege vaks opp var det ikkje like mange tilbod for borna som i dag. Då kunne ein velje mellom fotball og korps. No er det nesten alt ein kan tenke seg, både for store og små. Tidlegare var det fleire barnehagar i kommunen medan det no er ein større barnehage og ein skule i, dette tykkjer Gry Hege er bra. Ho tykkjer det er fint når alt er samla på ein plass og det er kort veg frå skule og barnehage til ulike fritidsaktivitetar. Borna vert og betre kjende med kvarandre på denne måten. 

 

Paret er stolt over kommunen dei bur i og meinar det er ein kommune som prøvar å få til noko. Til dømes då beskjeden om nedbemanning på Havyard kom, var det tydeleg at kommunen ville prøve å hjelpe til, og ta vare på dei det ramma. Slikt er kjekt å sjå. 

 

Dei tykkjer det er kjekt å kunne ta seg en hotellweekend i Bergen og seier at det er ikkje lange vegen verken dit eller til Førde. Men no med korona blir det ikkje mykje av den slags. Frank har ein draum om å køyre båt innover langs Sognefjorden ein gang. Det har han nemleg aldri gjort. Far til Gry Hege har ein stor båt som dei kan låne, og dei har nyleg tatt båtførarbeviset begge to. Så ein skal ikkje sjå bortifrå at den draumen vert oppfylt i sommar.

Elles går fritida for det meste til borna sine aktivitetar. Dei to eldste spelar fotball. Dei er med i den norske supporterklubben til Liverpool FC, der Frank har vore medlem sidan han var 6 år. Borna går, til stor glede for far, i dei same fotspora. 

 

Med tre born og stort hus er det alltid noko å finne på. Gry Hege er snart ferdig med drivhuset sitt og i kjellerstova gjenstår det ein del snekkerarbeid som dei putlar på med i ny og ne. Ekstra kjekt er det når borna også vil vere med!

På hausten går dei på jakt og bryggar øl, og om vinteren brukar dei mykje tid på ved. Om det er snø blir bakkane rundt huset til akebakker, til stor glede for både store og små.