top of page
HAFS Elektro & Rør AS vart etablert i 1979 som Rysjedal Elektro AS av lokale interesser. Føretaket fusjonerte i 2012 med Wergeland Elektro & VVS AS, og fekk namnet HAFS Elektro & Rør AS.
Bedrifta utfører elektro- og røyrleggarteneste til næringsliv og private i HAFS regionen og omkringliggande kommunar.
Innan elektro tilbyr dei mellom anna hus-, industi- og maritime installasjonar, samt automasjon, internkontroll og termografering. I tillegg tilbyr dei alt av røyrleggartenester frå vanleg sanitær installasjon til VA anlegg.
HAFS Elektro & Rør AS ser positivt på framtida. I dag har dei ca. 40 tilsette, fordelt på dei tre avdelingane i Solund, Hyllestad og Gulen. Avdelinga i Hyllestad har eit mål om å ta inn ein læring kvart år.

bottom of page