Hatleberg Bil & Maskin er ein familieeigd bedrift som vart starta opp av Kjell Hatleberg i 1982. Det skulle i utgangspunktet vere ein verkstadsbygg på garden i Dalsbygda, men utvikla seg fort til å bli ein bilverkstad. I 1987 flytta dei bedrifta til Hyllestad og då utvida dei verkstaden til også å bli bensinstasjon med sal av utstyr. I 2015 tok sonen, Frode Hatleberg, over bedrifta og vart dagleg leiar. Men mor og far er der framleis og hjelper til med både stort og smått. Dei har samarbeid med Bosch-kjeden og sel produkt frå Honda. I tillegg har dei tilført bedrifta ein slangeverkstad og sjølvvask stasjon.
Hos Hatleberg Bil og Maskin kan du få utført all reparasjon av bil, uansett om den er ny eller gamal, om den går på bensin, diesel eller strøm. Dei tilbyr service, EU-kontroll og dekkskift. Dei har også dekkhotell for dei som trenge det. Dei er medlem av Superdekk-kjeden som leverer dekk og felgar. I tillegg til reparasjon på bil, kan dei også reparere plenklippar og motorsag, og dei har hagereiskap og bilrekvisita til sals i butikken.
Bilbransjen er stadig i utvikling og det er viktig og halde følgje med tida. For to år sidan tok Frode eit omfattande kurs som systemteknikar gjennom Bosch. Det gjer at han no har ein større kunnskap og forståing for system i bilar, - ny som gamal. Det er rikeleg med arbeid hos Hatleberg Bil og Maskin og det er ein utfordring å få gjort unna alt utan at folk må vente lenge. Dei er difor no på jakt etter ein dyktig og sjølvstendig bilmekanikar som har lyst å jobbe med mange forskjellige oppgåver på alle bilmerker. Frode seier det hadde vore kjekt å få ein kollega som kan vere med å gi eit godt servicetilbod her i Hyllestad. Det er berre å tipse i veg.
