hyllestad.info logo.png

Hatlems hytter held til på Risnes i Lifjorden og er eigd, og vert i dag drifta av Oddvar Hatlem og Marit Dale Hatlem. Føretaket vart etablert av foreldra til Oddvar om lag 1971, og den fyrste hytta deira var opprinnleg eit stabbur frå 1760 som skulle rivast i prestegarden i Lavik.

 

12 år gamle Oddvar var med far, bror og onkel å reiv stabburet, flytta det til Risnesøyna og bygde det opp att der. I Stabburet har dei hatt gjestar sidan 1971.

 

Oddvar og Marit tok over drifta av Hatlems hytter i 1991. Etter kvart som tida gjekk vart det sett opp fleire hytter og dei har i dag sju hytter for utleige, alle desse med eigen båt. Fire av hyttene er på fastlandet, tre på Risnesøyna.                                                                                                                                               

Båt og sjøliv med fisking er veldig populært, men den siste tida har dei merka større etterspurnad etter mellom anna guida turar til Lifjellet. Dette trur Oddvar har med å gjere at det er meir familiar som leiger hytter no samanlikna med tidlegare då det stort sett var «fiskarar» som leigde. Dei har og utleige av tomannskajakk for dei som har lyst å prøve det. På Risnesøyna er det mykje ørn og ypperleg å gå på ørnesafari, så her har dei oppretta ein tursti til nettopp dette.

Dei fleste gjestane til Hatlems hytter er faste og er anten norske, tyske eller engelske. Det er som regel fullbooka frå april til oktober, og booking tek dei seg av sjølv. 

 

Dei fleste leiger i 3-4 veker men det er og nokon som leiger i 5-6 veker. Om ein ynskjer å leige for kun ei helg, eller liknande så let det seg gjere og, om dei har ledig.

Etter kvart som bygningsmassen har vorte større så har arbeidsmengda auka. Vedlikehald og vask av hytter og oppfylgjing av gjestar er tidkrevjande. I takt med dette er hyttene modernisert for å spare og lette arbeid i kvar hytte. Vidare har dei gjort store investeringar på mellom anna båtar og brygger.            

 

Før hadde dei ein båtpark med ulike typar båtar, no har dei standard  båtar med ein type sjark, og Øyen 530 med 40Hk. 

 

Det er ikkje få gonger Oddvar har måtte reise på «redningsoppdrag» etter meir eller mindre «skipbrudne» turistar. Nokre har vore dramatiske medan andre kanskje har vore meir komiske. Her har han så mange historiar at han kunne skreve ei bok!

Hovudtyngda av gjestane til Hatlems hytter er frå Tyskland, og mange av dei er her i generasjon etter generasjon. «Borna» til gjestane som leigde tidlegare har hatt gode opplevingar i Lifjorden når dei ferierte her saman med foreldra sine, og vil tilbake. Dette er veldig kjekt. Noko som og er positivt er at dei ferierande i større grad enn tidlegare, no brukar lokale matbutikkar i staden for å ha med seg «alt» frå heimlandet. Dette styrkjer naturlegvis næringslivet og er positivt for heile kommunen.

Hatlems hytter har 50 års jubileum i år, men Oddvar vil ikkje ut med om det vert noko feiring med pomp og prakt.. «i desse koronatider er det jo vanskeleg å planlegge noko som helst».

 

Elles håpar dei at yngre generasjonar vil ta over drifta av Hatlems hytter når den tid kjem. Det er utarbeida reguleringsplan for 8 hytter på Risnesøyna, men om det vert bygd fleire, vil tida vise. 

Hatlems hytter

Tlf: 57 78 88 39 / 952 53 943

E-post: oddvar.hatlem@online.no

 

hatlemshytter.no