hyllestad.info logo.png

Kontakt:

Helsesjukepleiar Siv Storøy

Tlf: 57 78 95 12 / 45 87 81 78

 

Jordmor Elisabeth Bjånes: 

Tlf: 57 78 95 13 / 95 70 54 59

 

hyllestad.kommune.no/helsestasjonen

Les retningslinjene her

Helsestasjonstenesta er ei lovpålagt teneste som vart vedteken i Noreg i 1972. Helsestasjonen skal ivareta den fysiske og psykiske helsa og gje helsefremmande og førebyggjande tilbod. Helsedirektoratet har utarbeida ein nasjonal rettleiar som helsestasjonstenesta jobbar etter.

 

Helsestasjonen i Hyllestad tilbyr helsestasjonsteneste for born 0-6 år, skulehelseteneste, helsestasjon for ungdom 13-20 år og jordmorteneste. Helsestasjonen og skulehelsetenesta er eit gratis tilbod til alle born og unge (0-20 år), samt gravide.

 

I Hyllestad er det i dag ein helsesjukepleiarar (100%), ei jordmor (20%) og ein lege (20%) knytt til helsestasjonen. Jordmor er tilstades kvar onsdag. I tillegg samarbeider ein med ergoterapeut og fysioterapeut, barnehagen, skulen, pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), psykisk helse, barnevernet, BUP og NAV ved behov.

 

Jordmor, Elisabeth Bjånes, tilbyr svangerskapsomsorg til gravide. Tilbodet er gratis, og målet er å sikre at svangerskapet utviklar seg så normalt som mogleg både for babyen og for deg som skal bli mor. For å avtale fyrste svangerskapskontroll kan du ta kontakt direkte med jordmor eller din fastlege. Du vel sjølv om du vil foreta kontrollane hjå lege eller jordmor.

 

Helsesjukepleiar, Siv Storøy, seier at helsestasjonen skal vere eit lett tilgjengeleg lavterskeltilbod for alle born og unge, uavhengig av sosial tilhøyrigheit. Ho utøver planmessig helsefremjande og førebyggjande helsearbeid kring tema som omhandlar både psykisk og fysisk helse i tillegg til sosiale forhold.

 

Kvar måndag har ho kontor på skulen der elevar kan komme innom både uanmeldt og etter avtale.

Ho føl borna frå dei er små med vaksineringsprogram og helsekontroll heilt opp til 10-ande klasse. På skulen har ho og pubertet- og seksualundervisning. 

 

Helsestasjonen for ungdom (HFU) er eit tilbod i tillegg til skulehelsetenesta. HFU er open kvar tysdag frå 14.00-15.30 og her kan alle mellom 13 og 20 år komme, også dei som ikkje går på skule. Her kan ein prate om små og store problem, få prevensjonsrettleiing, gratis kondom eller resept på prevensjonsmiddel. HFU tilbyr også å legge inn både spiral og p-stav. Jordmor og helsesjukepleiar kan skrive ut prevensjonsmiddel til ungdom over 16 år. For dei som er under 16 år er det helsestasjonslege Moussa som bistår. 

På helsestasjonen skal ein jobbe kunnskapsbasert. Helsestasjonen har ein sentral funksjon i å fange opp tidlege signal på mistrivnad og utviklingsavvik. Ved behov tilbyr helsestasjonen støttetilbod eller ein henviser i samråd med fastlege til andre instansar. Når ein jobbar med menneske i sårbare situasjonar er det viktig at brukar opplever å få hjelp. I små kommunar er det viktig å spele på kvarandre og søke hjelp og rettleiing når ein kjenner behov for det. 

 

Når antall barnefødslar går ned er det lett å tenke at ein ikkje treng fleire tilsette på helsestasjonen. Men Siv og Elisabeth seier at ein ikkje må gløyme at dei jobbar helsefremjande og førebyggjande med borna, heilt fram til dei er 20 år. For born og unge under 16 år i Hyllestad, er helsestasjon og skulehelsetenesta det einaste lavterskel tilbodet mot psykisk helse dei har. Born og unge er framtida, difor håpa dei at førebyggande og helsefremjande tenester skal bli meir prioritert og løfta fram.