hyllestad.info logo.png

Hilde & Bjarne Andre

Hilde og Bjarne Andre møttast i Os utanfor Bergen der dei begge gjekk på vidaregåande skule. Hilde gjekk hjelpepleiar-linja medan Bjarne Andre gjekk anleggsreparatør-linja. Etter at dei var ferdig med studiane fekk begge seg jobb og blei difor verande i Os. Men dei reiste ofte til Hyllestad i helgene, der Bjarne Andre er oppvaksen.


Fyrste gongen Hilde besøkte familien til Bjarne Andre på Lekva var det kveld og mørkt når dei kom fram. Men då ho våkna neste morgon og såg ut av vindauget, tenkte ho at her kunne ho ha trivast godt. Og den tanken vart meir og meir aktuell for dei begge etterkvart som åra gjekk. Bjarne Andre var lei av å sitte i kø kvar einaste dag til og frå jobb, og då han fekk moglegheit til å flytte jobben som reisemekanikar til Sogn og Fjordane, var det ikkje tvil om at dei ville flytte heim til garden på Lekva.

I 2007 begynte dei å fikse på huset til Bjarne Andre sine besteforeldre, og i 2008 flytta dei inn. Hilde, som opprinneleg kjem frå Osterøy, skjønte fort at Hyllestad var ei lita bygd. Det tok ikkje lang tid etter at dei hadde flytta inn før folk byrja å hilse på ho på butikken og spurde korleis det gjekk uti Lifjorden. Ho ante ikkje kven dei var, men det var uansett hyggjeleg at folk tok kontakt.

Bjarne Andre hadde odel på garden til foreldra sine, men han tok ikkje over drifta før i 2018. No driv dei den i lag og har ammekyr, sauer og lama. Dei får framleis god hjelp av foreldra til Bjarne Andre, ikkje berre til gardsdrift, men og til barnepass av dottera Sina som dei fekk i 2014.
 

Då dei begge har jobb som krev at dei må køyre ein del, er dei veldig glad dei slepp kø slik som dei hadde når dei budde i Os. Dei er begge glad i å gå på kino og tykkjer bygdekinoen er eit veldig bra tilbod for innbyggjarane.

I tillegg til kino er dei og glad i god mat og drikke. Heilt sidan 2011 har dei brygga sitt eige øl. Om hausten går Bjarne Andre på jakt, og saman lagar dei spekemat og flatbrød som passar ypperleg til ølet.

Frå huset til Hilde og Bjarne Andre har dei fantastisk utsikt mot 
fjorden, og på baksida av huset ser dei rett opp mot Lifjellet. Der har dei ein familiestøyl som dei stadig besøker. Der trivast dei utruleg godt. Sina har vorte veldig glad i fjellturar og har heilt sidan ho vart fødd vore med opp på Lifjellet. No spring ho opp, lett som berre det. I tillegg til støylen har dei og ei grillhytte ute på beite. I staden for å ete middagen heime i huset kvar dag, kan dei godt finne på å ta middagen der nokre ganger.

No har dei budd saman i Hyllestad i 12 år, og dei angra ikkje på at dei flytta heim. Dei trivast godt og har alt dei treng. Hallen var eit stort løft for kommunen og Sina fekk prøvd seg litt på barneidrett før Corona. Dette likte ho veldig godt og håpar at det snart startar opp att. Elles tykkjer dei det er veldig bra at barnehagen, skulen, hallen og helsetenesta er samla på same plass.

 

"Hyllestad er midt i verda og vi ser ikkje på kommunen som ein utkant".