top of page
hyllestad.info logo.png
Hjelmeland Mur og Flis

Frode har busett seg på slektsgarden i Kjørevika på Løland i Hyllestad. Flisleggarføretaket Hjelmeland Mur og Flis er ein "avleggar" av familiebedrifta A. Hjelmeland AS i Bergen, som han var ein del av i mange år.

 

Som 16 åring og ferdig med grunnskulen, hadde ikkje Frode planar om å jobbe med muring og liknande, men med både far og bestefar i murarbransjen, vart vegen likevel kort for Frode inn i familiebedrifta.

Her lærte han seg murarbeid og flislegging og treivst godt med det. I føretaket han driv i Hyllestad har han bestemt seg for å fokusere mest på flislegging og mindre på muring, men tek på seg små muroppdrag om det er nokon som skulle trenge dette. 

Frode samarbeidar gjerne med andre bedrifter i kommunen dersom det skulle passe seg slik, med tanke på mogelege felles oppdrag.

Frode Hjelmeland_edited_edited_edited.jpg

Kontakt:

Frode Hjelmeland

Tlf: 92 45 54 15

E-post: fhjelmis@gmail.com

bottom of page